Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1417 (2017-2018)
Innlevert: 25.04.2018
Sendt: 25.04.2018
Rette vedkommende: Forsknings- og høyere utdanningsministeren
Besvart: 07.05.2018 av forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Kvifor er det ikkje løpande handsaming av søknadar til Forskningsrådet, slik det er til Innovasjon Norge?

Begrunnelse

I eit brev til Mørebenken på Stortinget skriv dei Tekna-tillitsvalde for ei av våre viktige bedrifter i havnæringane, Rolls Royce Marine, blant anna følgjande:

«Det bør være løpende behandling av søknadene, tilsvarende prosessene i Innovasjon Norge og Enova, i stedet for søknadsfrister 1 eller 2 ganger i året. Dette ville blitt et langt mer forutsigbart system, og gjort planleggingsarbeidet vårt vesentlig enklere.»

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø svarar på spørsmålet som rette statsråd.
Forskingsrådet tildeler hovuddelen av sine midlar til forsking etter konkurranse. Konkurransearenaer og system for handsaming av søknadar sikrar at dei beste og mest relevante søknadane blir finansierte. Både nasjonalt og internasjonalt er det etablert søknadsprosessar for å sikre effektiv bruk av offentlege forskingsmidlar. Bruk av eksterne ekspertar, strenge krav til habilitet, handtering av klage og innsynsrett er ein del av handsaminga som skal sikre god og effektiv bruk av offentlege midlar. Å få til gode konkurransebaserte arenaer er vanskeleg å kombinere med løpande handsaming av søknader.
Forskingsrådet brukar likevel open søknadsfrist på Skattefunn og innanfor ordningane med nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. I Skattefunn blir alle søknadar som møter dei formelle krava til støtte innvilga. Også nærings-ph.d.-ordninga har i praksis fungert som eit verkemiddel med løpande handsaming av søknadar, fordi det har vore nok midlar til å støtte alle kvalifiserte søkjarar. Innanfor offentleg sektor-ph.d.-ordninga gjeld "førstemann til mølla"- prinsippet: alle kandidatar som møter krava i utlysinga får støtte fram til budsjettet er brukt opp. Deretter lukkar Forskingsrådet utlysninga. Norske søkjarar til innovasjonsprosjekt har lenge ønska open søknadsfrist for ordninga Innovasjonsprosjekter i næringslivet. Forskingsrådet er i ferd med å etablere eit prosjekt for å vurdere om det er mogleg å få til ei ordning med open søknadsfrist innanfor verkemidla som er reelle konkurransearenaer med definerte budsjettrammer. I første omgang vil ein vurdere det for Innovasjonsprosjekter i næringslivet. Prosjektet startar i løpet av 2018, og Forskingsrådet vil truleg sette i verk opne søknadsfristar i løpet av 2020 dersom prosjektet viser at det er ei god løysing.