Skriftlig spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:49 (2018-2019)
Innlevert: 04.10.2018
Sendt: 05.10.2018
Besvart: 12.10.2018 av forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Kompetansemiljøa innfor tradisjonsfaga er småe og fragmenterte. Innfor norsk folkeleg dans, drakt og tekstil finst likevel ressursar og kompetansemiljø som kan tilby utdanning og studiesamarbeid på universitets- og høgskulenivå. Desse miljøa har allereie lange og sterke tradisjonar for samarbeid med miljø i og utanfor Noreg, og har sidan tidleg på 2000-talet tilbydd undervising og etterutdanningskurs for svært mange studentar.
Korleis vil statsråden sikre fagleg kvalitet og ei stabil framtid for desse faga og utdanningane?

Begrunnelse

Sidan 2015 er ei rekke studietilbod lagt ned. Eitt av krava det er knytt utfordringar til er undervisingsplikt med detaljerte krav til kompetanse og omfang for tilsette ved samarbeidande universitet. I tillegg er kravet skjerpa for tilsette ved dei samarbeidande fagmiljøa eller organisasjonane. Nivået her skal halde tilsvarande nivå som ved universiteta, det vil seie 1. kompetanse tilsvarande doktorgrad eller høgare. Bakgrunnen for at tradisjonsmiljøa søkte samarbeid med universitetssektoren var nettopp for å bygge opp studietilbod med røter i dei norske kulturtradisjonane – og i fag som frå før ikkje eksisterte ved universiteta. Følgjeleg låg det inga forventning om at universiteta sjølve skulle tilby ein slik spisskompetanse. I staden var det kompetansen i småe og spreidde miljø, i Noreg og Skandinavia, som skulle sikre det faglege nivået på dei ulike tilboda. Til dømes «Drakt og samfunn», eit studietilbod skapt ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt på Fagernes og som gjennom 20 år har vore eit vitskapleg studietilbod i samarbeid med ulike universitet og høgskular. Faget har vore populært og det har kopla kunnskap frå tradisjonsmiljøa med vitskapsfag som etnologi, sosiologi, historie og kunsthistorie. Som handverkskompetansen i dette faget er spreitt på mange, småe miljø, er også den vitskaplege kompetansen på drakt- og tekstilområdet nærast fråverande. Framtida for dette fagområdet ved universiteta i Noreg, kviler i dag på skuldrene til einskilde, eldre vitskaplege tilsette. Det einaste større fagmiljøet utanfor universitetssektoren på dette området, er Norsk institutt for bunad og folkedrakt, eit fagmiljø som har drive dokumentasjon på norsk draktkultur sidan 1940-talet. Med nye, skjerpa retningsliner fell småfaga ut. Universiteta manglar fyrstekompetanse, og greier heller ikkje kravet om undervisingsplikt i 20 % stilling. Dette trass i at studietilboda er populære, og at dei samarbeidande organisasjonane sjølve har sikra finansieringa. Både «Drakt og samfunn» og andre liknande studietilbod har sidan tidleg på 2000-talet rekruttert mellom 10 og 20 studentar per år. Eit anna døme på eit studietilbod med solid forankring i spreidde, men sterke fagmiljø er innføring i norsk folkeleg dans, eit samarbeid mellom Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Studieforbundet kultur og tradisjon (m.a.). Lik som for «Drakt og samfunn» finst ikkje 1. kompetanse på dette området ved NTNU, som er studietilbydar.

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Eg vil først slå fast at eg er samd med representanten Knutsdatter Strand i at det er viktig å bevare gode studietilbod i tradisjonsfag. Det inneber at utdanningsinstitusjonane må vere bevisste ansvaret dei har for å halde krava til forankring, kvalitetssikring og kompetanse. Vellukka samarbeid med eksterne aktørar må byggje på høg kompetanse både ved ansvarleg institusjon og hos den eksterne samarbeidspartnaren. Representanten Knutsdatter Strand viser i grunngjevinga til dei skjerpa krava som blei innførte frå 2017 gjennom endring i studiekvalitetsforskrifta og studietilsynsforskrifta som årsak til at fleire studietilbod har blitt lagte ned sidan 2015. Eg vil presisera at desse krava i hovudsak gjeld for master- og doktorgrad. Krava om at minst 50 prosent av årsverka som er knytte til studiet, skal vere av tilsette i hovudstilling ved institusjonen og at 20 prosent skal ha førstekompetanse, har gjeldt sidan 2006. For studieprogram på bachelornivå, som spørsmålet her gjeld, blei det innført eit unnatak for dette kravet i studietilsynsforskrifta i 2017, for nettopp å leggje til rette for samarbeid med små, spesialiserte fagmiljø:

§ 2-4.Særskilt bestemmelse om fagmiljø

Kravet til hovedstilling i § 2-3 (4) første punktum kan fravikes for studietilbud med omfang på 30 studiepoeng eller mindre dersom det gis i samarbeid med eksterne miljøer som driver forskning, kunstnerisk utviklingsarbeid eller faglig utviklingsarbeid på nivå med institusjonens eget fagmiljø. Institusjonen må ha et eget fagmiljø innenfor studietilbudets fagområde eller i tilstøtende fagområde og ha et helhetlig ansvar for studietilbudet.
Årsaka til at fleire studietilbod som blei gjevne i samarbeid mellom universitet eller høgskolar og eksterne aktørar har blitt lagte ned sidan 2015, er ikkje skjerpa krav, men mest truleg at NOKUT i perioden 2015 til 2017 gjennomførte eit tilsyn med slike tilbod ved alle dei høgre utdanningsinstitusjonane. NOKUT fann at det var utfordringar knytt til kompetanse, kvalitetssikring og forankring (opptak, informasjon, mv.) ved studietilbod der mykje av administrasjonen og undervisninga låg til ein ekstern samarbeidspart. NTNU, som er spesielt nemnt i grunngjevinga, er ein av institusjonane som NOKUT gjennom dialog følgde tett opp i dette tilsynet, på grunn av stort omfang av samarbeidsstudium. NTNU fekk ikkje spesifikke pålegg, men har etter ein gjennomgang av studia dei gav i samarbeid med andre, meldt tilbake til NOKUT at dei har lagt ned fleire slike tilbod, mellom anna det i "Drakt og samfunn" med Norsk institutt for bunad og folkedrakt som det er vist til.
Universiteta og høgskolane har sjølve rett til både å opprette og leggje ned studium innafor fagområda og nivåa dei har akkreditering for. Departementet er difor ikkje involvert i slike vedtak.
Vidare minner eg om at Noregs nyaste universitet, Universitetet i Søraust-Noreg, har innarbeidde studietilbod på Rauland i høvesvis folkekunst (tradisjonskunst) – i tre, metall og tekstil – og i folkemusikk, der det òg er mogleg å fordjupe seg i dans, og at det er et sterkt fagmiljø i folkemusikk ved Noregs musikkhøgskole. Vi har såleis fleire gode miljø å byggje på innafor tradisjonsfaga. Eg ser gjerne at det kjem i stand nye samarbeidstiltak i denne sektoren, med høg kvalitet og kompetanse ved både institusjon og samarbeidspartner. Eg vil vurdere om omsynet til tradisjonsfag er godt nok ivareteke i dag.