Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:843 (2018-2019)
Innlevert: 30.01.2019
Sendt: 30.01.2019
Besvart: 06.02.2019 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Kva vurderinger har regjeringa gjort i forhold til dei arbeidsrettslege sidene ved skatteendringane for tilsette i kollektivtransportselskap, og korleis er Stortinget orientert om denne endringa?

Begrunnelse

Tilsette i busselskapa, NSB etc. som har fått årskort frå arbeidsgjever må etter nye reglar skatte for dette. Det var tidlegare skattefritak for transportnæringane, og i fleire høver var dette ein del av tariffavtalane. I andre høver ein langvarig praksis. Denne endringen innebærer at mange får ein betydeleg skatteauke og dermed redusert realløn.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Dei aktuelle skatteendringane ligg under finansministerens ansvarsområde. Finansdepartementet har derfor bidratt til dette svaret.

For tilsette i transportbransjen er det i stor grad endringane i skattereglane for personalrabattar som er av interesse. Desse endringane vart gjort som ein del av ei større opprydding i reglane for skattlegging av naturalytingar. Dei tidlegare vilkåra for skattefrie personalrabattar var skjønnsmessige, noko som førte til at praksis sklidde ut, og omfattande rabattordningar vert ved fleire høve ikkje skattlagde. For dei med omfattande ordningar utan skattlegging innebar dette at dei mista opptening av rettar til trygd og pensjon på til dels monalege delar av løna.

Målsettinga bak oppryddinga i reglane for skattlegging av naturalytingar var mellom anna å sikre likebehandling og betre etterleving av reglane. I eit effektivt skattesystem er det òg viktig å ha brede skattegrunnlag, og all arbeidsinntekt bør difor skattleggjast, utan omsyn til om den vert ytt som kontant løn eller som naturalyting. I sin tur bidreg dette òg til eit meir ordna arbeidsliv, der dei tilsette får rettar til trygd og pensjon.

Endringane i reglane for skattlegging av naturalytingar vert vedtatt av eit breitt fleirtal på Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett 2018 og statsbudsjettet for 2019. Stortinget vart informert om endringane og dei relevante konsekvensane av desse ved regjeringas framlegg, sjå Prop. 86 LS (2017-2018) og Prop. 1 LS (2918-2019). Det går fram av proposisjonen til Stortinget at endringane i reglane for skattefrie personalrabattar mellom anna kunne gje auka skatt for dei med omfattande rabattordningar som ikkje har vore skattlagde tidlegare. Samstundes vart det vist til at betre etterleving av skatteplikta vil vere til gagn for dei tilsette ved at dei tener opp pensjons- og trygderettar òg av denne delen av løna.

Skattereglane gjeld uavhengig av arbeidsrettslege reglar. Det var difor ikkje grunn til å gå inn på arbeidsrettslege spørsmål i proposisjonen.

Representanten viser til at rettar i samband med årskort har følgt både av tariffavtalar og av langvarig praksis. Kva for ei tyding slike skatteendringar kan ha i forholdet mellom arbeidsgivar og arbeidstakar vil måtte vurderast konkret. Vurderinga vil mellom anna avhenge av kva som må forståast som avtalt/ fastsett når den gjeld dei aktuelle goda ut i frå ordlyd og andre tolkingsmoment, og om det er snakk om individuelle rettar eller administrative gode fastsette av arbeidsgivar.