Skriftlig spørsmål fra Øystein Langholm Hansen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:901 (2018-2019)
Innlevert: 05.02.2019
Sendt: 06.02.2019
Besvart: 14.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Øystein Langholm Hansen (A)

Spørsmål

Øystein Langholm Hansen (A): I den nye regjeringserklæringen heter det at «bompengeandelen i nye prosjekter ligger fast eller reduseres når kostnadene ved prosjektet reduseres».
Hvorfor vil regjeringen da øke bompengeandelen til over 80 prosent på prosjektet riksveg 3/riksveg 25 i Hedmark, stikk i strid med regjeringserklæringens formuleringer, og har regjeringen dialog med lokale myndigheter i Hedmark om saken?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Då saka om bompengar for prosjektet blei lagt frem for lokalpolitisk behandling hausten 2014, blei det lagt til grunn takstar for lette kjøretøyer på 60 kr på ny veg og 45 kr på eksisterande veg (2014-prisnivå). Bompengeperioden var 15 år. På dette tidspunktet blei det lagt til grunn tradisjonell gjennomføring av prosjektet. Basert på nye føresetnader om gjennomføring som OPS-prosjekt, blei saka lagt fram for ny politisk behandling i fylkeskommunen hausten 2016. Bompengeperioden vart da utvida til 20 år, men med same bompengebidrag som med ein bompengeperiode på 15 år og med tradisjonell gjennomføring. Dette inneber lågare takstar; foreløpig anslått til 44 kr på ny veg og 33 kr på eksisterande veg (2016-prisnivå) for takstgruppe 1 (lette kjøretøyer inkl. kjøretøy i kjøretøygruppe M1). Dette inneber ein takstreduksjon på nærmare 30 pst.

I Prop. 45 S (2016-2017) blei det lagt til grunn at bompengane skulle gå til å dekke den årlege betalinga for tilgang til vegen (som ikkje skal indeksregulerast). I tillegg skulle bompengane dekke deler av milepælsutbetalinga. Brutto bompengeinntekter er estimert til 3,9 mrd. 2016-kr, av dette om lag 3,3 mrd. 2016-kr er føresett nytta til å dekke deler av investeringskostnadane (bidrag til milepælsutbetalinga samt ein årleg betaling for tilgang til vegen).

Kontrakt mellom OPS-selskapet og Statens vegvesen blei inngått i mai 2018. Kontrakten ligg om lag 1,5 mrd. kr lågare enn tidligare anslag, jf. Prop. 1 S (2018-2019), side 78. Etter forhandlingar blei den årlige betalinga for tilgang til vegen avtalt til 124 mill. kr. I Prop. 45 S (2014-2015) var dette anslått til 180–200 mill. kr.

Som for tidlegere gjennomførte OPS-prosjekter, er det føresett at samla bompengebidrag til prosjektet rv 3/rv 25 Ommangsvollen – Grundset/Basthjørnet skal ligge fast, både ved auka og reduserte kostnadar. Følgeleg var det føresett at staten skulle ta risikoen for eventuelle kostnadsaukingar, og tilsvarande at det statlige bidraget skulle reduserast ved eventuelle kostnadsreduksjonar.

Korleis regjeringsplattforma vert fulgt opp gjennom redusert bompengeandel vil eg kome attende til når regjeringa har gjort sine vurderingar, herunder kva for prosjekt som kan nyte godt av dette. Eg merkar meg forøvrig at Arbeiderpartiet no sender nye signal om bompengar og dermed er glade for FrPs gjennomslag i regjeringsplattformen.