Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:542 (2019-2020)
Innlevert: 13.12.2019
Sendt: 13.12.2019
Besvart: 17.12.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Om du kjører en dieselbil gjennom så mange bomsnitt i Oslo du bare klarer i en hel time - midt i rushtiden – koster det deg 24 kroner og 80 øre. En enkeltbillett på bussen, trikken eller t-banen koster til sammenlikning 36 kroner. Altså nesten 70% mer. I Aftenposten 10. desember går det frem at samferdselsministeren vil nekte Oslo kommune å bruke bominntekter på å redusere kollektivprisene.
Mener statsråden at dette er en god miljøpolitikk og en effektiv samferdselspolitikk?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Bilistane betaler bompengar når det lokalt er eit ønskje om å finansiere vegbygging raskare. Gjennom åra har det òg vore opna for at bompengar kan brukast til infrastruktur for kollektivtransport samt til driftstiltak for kollektivtransporten i byområda. Det siste skjedde gjennom ei lovendring i veglova § 27 i 2008 på bakgrunn av eit lokalpolitisk ønskje frå Oslo og Akershus.
Det er eit fylkeskommunalt ansvar å finansiere drift av lokal kollektivtransport. Bruk av bompengar til slike driftstiltak skal i så fall vere eit supplement og føre til ei utviding av tilbodet, og den fylkeskommunale innsatsen skal ikkje kunne reduserast tilsvarande. Dette går fram av Ot.prp. nr. 15 (2007-2008) som er grunnlaget for lovendringa. Det går vidare fram at bompengar kan nyttast til driftstiltak for all rutegåande kollektivtransport i eit byomområde, inkl. jernbane.
Omgrepet 'driftstiltak' er ikkje nærare presisert, men intensjonen med å kunne bruke bompengar til dette formålet er å kunne gi ei reell styrking av kollektivtilbodet. Dette ble nærare tolka i eit brev av 19. mars 2010 frå Samferdselsdepartementet til Oslo og Akershus der det blir slått fast at føremålet med å bruke bompengar til driftstiltak har vore å kunne gi eit styrka kollektivtilbod – som t.d. hyppigare frekvens, auka rutetilbod og auka kjøp av materiell. Det går fram at det vil ikkje kunne aksepterast å bruke bompengar til å finansiere takstendringar på kollektivreiser, dersom reduksjonen i takstane er eit sentralt element. Takstreduksjon blei ikkje vurdert som eit utvida eller kvalitativt betre tilbod. Dette er ei tolking av regelverket som i si tid blei lagt til grunn av ei raudgrøn regjering, og dette er ei forståing som eg fullt ut støttar.
Eg vil vidare understreke at eg ser stor verdi i eit godt kollektivtilbod. Regjeringa har ei offensiv satsing på kollektivtransport, både gjennom styrking av norsk jernbane og ein historisk stor finansiell støtte til storbyområda. Nettopp derfor har eg i eit nyleg brev til Oslo og Akershus kome med eit tilbod på eit betydeleg auka statleg tilskot for både å redusere bompengane, auka kollektivtilbod og reduserte billettprisar. Dei treng berre å takke ja.