Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:680 (2019-2020)
Innlevert: 10.01.2020
Sendt: 13.01.2020
Besvart: 20.01.2020 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Kystverket eier 114 fyrstasjoner og har dermed ansvaret for dem. De er viktige kulturminner og samlingspunkter langs kysten. 68 av disse fyrene er fredet. Flere fyr er i forfall, og det samlede vedlikeholdsetterslepet er på over 500 millioner. Kystverket står foran en større omorganisering.
Vil Statsråden sørge for at Kystverkets vedlikeholdsansvar ivaretas bedre etter omorganiseringen, og kan han tenke seg at kompetente faginstanser inkluderes i Kystverkets løpende vurderinger av vedlikehold og prioriteringer?

Begrunnelse

Kystverket har opplyst at ved utgangen av 2018 ble det tekniske oppgraderingsbehovet ved deres fyrstasjoner tallfestet til over 500 millioner kr. Av dette er rundt 325 millioner knyttet til fredede fyr. Det er dokumentert at oppgraderingsbehovet «har steget jevnt siden 2014, med et betydelig hopp fra 2016 til 2018». Det er det mest umiddelbare behovet som har økt mest, altså kritiske utbedringer som må foretas innen 0-5 år.
Avbemannede fyrstasjoner, eller enkeltelementer på stasjonene, som ikke lenger har betydning for sjøsikkerheten, gis lav prioritet av Kystverket og er sterkt underfinansiert. Sektoransvaret som eier av kulturminner ivaretas ikke godt nok. Det største vedlikeholdsetterslepet er ved fyr hvor det ikke er lagt til rette for at bygningsmassen kan tas i bruk til nye formål. Disse fyrene er ofte vanskelig tilgjengelige, og forfallet skjer i det stille.
Det er Kystverkets regioninndelte eiendomsforvaltning og det nasjonale Senter for eiendom og kultur som styrer det løpende vedlikeholdet. Nå varsles det at senteret kan bli nedlagt som del av Kystverkets omorganisering. Skal det gjøres søknadspliktige tiltak på et fredet fyr, er fylkeskommunens kulturminneforvaltning søknadsinstans. I disse dager overføres oppgaver innen kulturvern fra staten til fylkeskommunene, men uten at det følger med tilstrekkelige midler til nye stillinger. Det er grunn til å frykte at ivaretakelsen av fyrene våre svekkes.
Samferdselsministeren har informert Stortingets transport- og kommunikasjonskomité om at «Kystverket arbeider for tida med rangeringskriterier for vedlikehaldet av fyr» . Jeg vil påpeke at føringene i kulturminnelovgivningen, fredningsvedtak og forvaltningsplaner ikke bør etterprøves. En kompetent faginstans bør inkluderes i Kystverkets løpende vurderinger rundt fyrstasjonene og vedlikeholdet. Et styrket fagmiljø i Kystverkmusea kunne f.eks. hatt en slik rolle.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Kystkultur er ein viktig del av vår kulturarv, og mange av dei gamle fyrstasjonane er ein viktig del av dette. Vi har difor fokus på å ta vare på desse kulturminna.

Som representanten Nævra veit, har regjeringa ei storstilt satsing på samferdsel, der vi byggjer samfunn og gir betre vilkår for verdiskaping i heile landet. Regjeringa har difor auka ressursinnsatsen til vedlikehald og modernisering for å redusere vedlikehaldsetterslepet på navigasjonsinnretningane. Som ein del av dette har også satsinga på betre framkomme og sikkerheit til sjøs blant anna resultert i ei halvering av vedlikehaldsetterslepet på navigasjonsinstallasjonar under denne regjeringa.

Meir pengar til samferdsel er ei todelt politisk vilje. For det fyrste har vi nesten dobla samferdselsbudsjettet dei siste 6 åra, og for det andre har regjeringa gjort endringar i dei statlege etatane som frigjer meir ressursar til konkrete tenester og infrastruktur. Også innan kystforvaltninga vil vi sjå på å få meir ut av skattepengane. Samferdselsdepartementet har difor gitt Kystverket i oppdrag å gjere ei heilskapleg utgreiing av organisering, styringssystem og ressursutnytting i etaten. Kystverket har frist til 1. februar 2020 for svare på oppdraget. Eit sentralt mål med denne gjennomgangen er å få meir infrastruktur og betre tenester for pengane, og sørge for at ressursar prioriterast rett og vert nytta effektivt. I oppdraget inngår at Kystverket skal vurdere alle sider av organisasjonen. Eg forventar difor at Kystverket i sitt forslag til ny organisering legg til rett for fagleg god styring og samhandling i arbeidet med fyrvedlikehald.

Uavhengig av den pågåande gjennomgangen av organiseringa av etaten, har Kystverket starta arbeidet med å utforme ein strukturert modell for betre fagleg styring av vedlikehaldet av fyr. Som ein del av dette arbeidet utviklar Kystverket rangeringskriterier for vedlikehaldsarbeidet med freda fyr, fyr som ikkje er freda og mellom dei ulike delar av infrastrukturen på fyrstasjonane. Det er eit mål å innrette vedlikehaldsarbeidet meir målretta mot dei mest kritiske objekta, samstundes som dei økonomiske rammene vert nytta best mogleg.

Fyra er ein del av ein samla maritim navigasjonsinfrastruktur som omfattar nær 22 000 innretningar. Regjeringa har dei seinare åra også auka vedlikehaldsinnsatsen på fyrstasjonane. I vedlikehaldsarbeidet legg Kystverket vekt på gode faglege vurderingar, både internt og frå eksterne faginstansar. Kystverket opplever at etaten i dag har eit godt samarbeid om vedlikehaldet av fyrstasjonane, både med leigetakarar, Kystverkmusea, regionar og kommunar. Dette samarbeidet vil Kystverket leggje til rette for at blir best mogleg også i framtida.