Skriftlig spørsmål fra Une Bastholm (MDG) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:959 (2019-2020)
Innlevert: 14.02.2020
Sendt: 14.02.2020
Besvart: 24.02.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Une Bastholm (MDG)

Spørsmål

Une Bastholm (MDG): Arbeiderpartiet har fremmet et representantforslag om å endre naturmangfoldlovens § 18. Vil Norge, hvis forslaget blir vedtatt, bli nødt til å trekke seg fra Bernkonvensjonen?

Begrunnelse

Arbeiderpartiet har fremmet et forslag på Stortinget om å endre naturmangfoldlovens § 18 annet ledd, ved å legge til setningen "Det skal ved vurdering av uttak av rovvilt etter første ledd bokstav c legges vekt på om bestandsmål som er vedtatt i Stortinget, er nådd".
I begrunnelsen slås det fast at formålet med endringen er at Stortingets vedtatte bestandsmål skal fungere som et absolutt maksimumsmål, og være et "selvstendig kriterium for uttak av rovvilt".
Arbeiderpartiets forslag til lovendring vil dermed innebære at et oppnådd bestandsmål i seg selv skal være nok til å gi tillatelse til å felle truet rovvilt. I et brev til energi- og miljøkomiteen datert 11. februar 2020 skriver imidlertid statsråden at Bernkonvensjonen om vern av ville planter og dyr og deres naturlige leveområder, som Norge ratifiserte i 1986, ikke åpner for å kun styre etter bestandsmål.
Jeg ber derfor statsråden redegjøre for om naturmangfoldloven, med den lovendringen som Arbeiderpartiet foreslår, vil være komme i konflikt med Norges forpliktelser etter Bernkonvensjonen – og om konsekvensen i tilfelle vil bli at Norge må trekke seg fra konvensjonen. Jeg ber også om en vurdering på hva en slik handling vil si for Norges internasjonale arbeid med naturavtalen 2020.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Representantforslag 67 L (2019-2020), som representanten Bastholm viser til, gjeld ei presisering knytt til naturmangfaldlova § 18 første ledd bokstav c. Den føreslåtte endringa vil etter si ordlyd gjelde generelt for rovviltartar som det er vedtatt nasjonale bestandsmål for. Når det gjeld uttak av rovvilt, er § 18 første ledd bokstav c på noverande tidspunkt aktuell ved spørsmål om felling av ulv. Eg vil difor knyte mitt svar til forvaltninga av ulv.

Ulven er oppført som "strictly protected" under Konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr og deira naturlege leveområde (Bernkonvensjonen). Hovudregelen er dermed at det er forbode å felle ulv. Etter Bernkonvensjonen artikkel 9 nr. 1, og naturmangfaldlova § 18, er det likevel på visse vilkår høve til å gjere unntak frå forbodet. Naturmangfaldlova § 18 første og andre ledd gjennomfører Bernkonvensjonen artikkel 9 nr. 1 i norsk rett.

Det er tre vilkår som må vere oppfylt for at det skal vere høve til å felle ulv. Fellinga må for det første oppfylle dei to grunnvilkåra i Bernkonvensjonen artikkel 9 nr. 1 og naturmangfaldlova § 18 andre ledd om at det ikkje må finnast nokon annan tilfredsstillande løysing enn felling, og at uttaket ikkje må truge overlevinga til bestanden. I tillegg må eit av dei alternative vilkåra i naturmangfaldlova § 18 første ledd, og artikkel 9 nr. 1, vere oppfylt. Ved felling av ulv er det vilkåra i § 18 første ledd bokstav b om felling "for å avverge skade på avling, husdyr, tamrein, skog, fisk, vann eller annen eigedom" eller i bokstav c "for å ivareta allmenne helse- og sikkerhetshensyn eller andre offentlige interesser av vesentlig betydning" som er aktuelle.

Som representanten Bastholm viser til, har representantar frå Arbeiderpartiet, i representantforslag 67 L (2019-2020) frå 13. februar 2020, føreslått at naturmangfaldlova § 18 andre ledd blir endra som følgjande (endring i kursiv):

"Vedtak etter første ledd bokstav a til f kan bare treffes hvis uttaket ikke truer bestandens overlevelse og formålet ikke kan nås på annen tilfredsstillende måte. Det skal ved vurdering av uttak av rovvilt etter første ledd bokstav c legges vekt på om bestandsmål som er vedtatt i Stortinget, er nådd."

Av bakgrunnen for representantforslaget går det fram at representantane meiner det er behov for å leggje inn ei ny føresegn i naturmangfaldlova § 18, med mellom anna følgjande

grunngjeving:

"(…) det er avgjørende at det fastsatte bestandsmålet for rovvilt forvaltes i tråd med Stortingets vedtatte bestandsmål, og at det skal være et selvstendig kriterium for uttak av rovvilt."

Ei endring av naturmangfaldlova § 18 som etablerer dei vedtekne nasjonale bestandsmåla som sjølvstendige kriterium for felling, vil etter mi vurdering ikkje vere i tråd med Bernkonvensjonen. Eg viser her til følgjande uttale frå Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet datert 15. desember 2016 (mi understreking):

"Forvaltningen av ulvestammen må skje innenfor de rammer naturmangfoldloven og Bernkonvensjonen stiller opp. Innenfor disse rammer skal forvaltningen styre etter de retningslinjer som er trukket opp, især bestandsmålet. Det materialet vi er tilsendt, belyser godt forholdet mellom den aktuelle lisensfellingen og bestandsmålet. Bernkonvensjonen tillater imidlertid ikke at en styrer etter et bestandsmål uavhengig av konvensjonens vilkår for felling. (…)."

Dette viser at Bernkonvensjonen ikkje opnar for andre vilkår for unntak enn dei konvensjonen stiller opp, og eit oppnådd bestandsmål er ikkje eit vilkår for felling etter konvensjonen. Det er soleis ikkje høve til å etablere eit vilkår i naturmangfaldlova om felling berre ut frå ei vurdering av om bestandsmålet er nådd eller ikkje.

Mi vurdering er likevel at lovendringa som er føreslått i representantforslag 67 L (2019-2020) ikkje inneber at forholdet til Bernkonvensjonen kjem på spissen. Uttala frå representantane om at bestandsmålet "skal være et selvstendig kriterium for uttak av rovvilt" stemmer ikkje overeins med det forslaget til lovendring som faktisk har blitt lagt fram, då forslaget etter mi vurdering ikkje inneber at bestandsmålet blir etablert som eit sjølvstendig kriterium for felling. Det som følgjer av ordlyden i sjølve forslaget er at det skal leggast vekt på om bestandsmålet for den aktuelle arten er nådd, når det blir vurdert om det ligg føre "allmenne helse- og sikkerhetshensyn eller andre offentlige interesser av vesentlig betydning" som kan gje grunnlag for felling etter naturmangfaldlova § 18 første ledd bokstav c. I samsvar med mellom anna rovviltforliket i 2011 og fleirtalsvedtaket om ulv frå 2016, er dagens praksis at rovviltartane blir forvalta så nær dei vedtekne nasjonale bestandsmåla som mogeleg. Det inneber mellom anna at det ved vurdering av uttak av rovvilt blir lagt vekt på om bestandsmåla er nådd eller ikkje. Ordlyden i lovendringsforslaget reflekterer difor langt på veg det som allereie er forvaltningspraksis. Ein kan ikkje leggje til grunn at lovendringsforslaget vil innebere ein ny juridisk situasjon, som gjer at ulvebestanden til ei kvar tid kan bli forvalta i tråd med bestandsmålet.

Eg vil også vise til mitt svar til Stortinget frå 24. februar 2020 om representantforslag 67 L (2019-2020). Sjølv om ordlyden i forslaget ikkje vil vere i strid med Bernkonvensjonen, kan ei slik lovendring innebere at forventningane om at bestanden blir forvalta i tråd med bestandsmålet auke. Dette vil også kunne gjelde der vilkåra i lova ikkje er oppfylt. Som eg skreiv i mitt svar frå 24 februar vil eg difor rå i frå at Stortinget går inn for ei slik lovendring. Eg meiner også at det no er mest hensiktsmessig å vente på ein rettskraftig dom i saka som vart handsama i Borgarting lagmannsrett i desember 2019, som eg har bestemt å anke til Høgsterett. Den situasjonen vi er i no er krevjande for rovviltforvaltninga, og den vil ikkje bli mindre krevjande dersom Stortinget skulle fatte vedtak som skapar ytterlegare tvil. Det er difor etter mitt syn viktig at det ikkje no kjem inn nye element som kan gjere det meir krevjande å handtere situasjonen for rovviltforvaltninga.

Representanten Bastholm ber om ei vurdering av kva det vil seie for Noregs internasjonale arbeid med naturavtala 2020, dersom det blir vedteke ei lovendring som inneber at Norge må trekke seg frå Bernkonvensjonen. På bakgrunn av vurderingane over, kan eg ikkje sjå at det på noverande tidspunkt er grunn til å gå nærare inn på eit slikt spørsmål.