Skriftlig spørsmål fra Une Bastholm (MDG) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1014 (2019-2020)
Innlevert: 19.02.2020
Sendt: 20.02.2020
Besvart: 28.02.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Une Bastholm (MDG)

Spørsmål

Une Bastholm (MDG): Stemmer det at deponiet ved Langøya nå har blitt et avfallsdeponi også for land utenfor Norden, og at det aldri gjøres uanmeldte prøver og kontroller av anlegget?

Begrunnelse

De Grønne og Venstres fylkespolitikere i Vestfold og Telemark har fått oversendt dokumentasjon som viser at giftdeponiet på Langøya nå har blitt et deponi for farlig avfall fra langt flere land enn det som tidligere har vært kjent. Fra å ha vært et deponi for avfall fra Norge og nabolandene våre, har det nå tilsynelatende blitt et giftdeponi for land som Tunisia, Israel, Hellas, Malta og Litauen.
Jarlsberg avis skriver om saken her: https://www.jarlsbergavis.no/miljo/noah/langoya/venstre-er-bekymret-for-dagens-deponeringen-av-farlig-avfall-har-man-nok-kontroll-pa-importen/s/5-26-231735?key=2020-02-10T13:46:46.000Z/retriever/d7ed05428f2442bd6e368c41a97d8678572c635e
Ved siden av faren for lekkasjer, er den store bekymringen at en stor del av importavfallet ikke er klassifisert som det farlige avfallet det egentlig er. Det er stor fare for både mangelfull og/eller feil klassifikasjon.
Jeg ber derfor statsråden redegjøre for om det stemmer at deponiet på Langøya tar i mot avfall fra land utenfor Norden, om kontrollen av avfallet er god nok, og om det stemmer at det ikke gjøres uanmeldte prøver og kontroller.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Noreg er ein del av eit felles Nordisk og til dels Nord-Europeisk marknad for sluttbehandling av farleg avfall. Her bidreg Noreg i hovudsak med behandlingskapasitet for uorganisk farleg avfall, der NOAH Langøya per i dag er største aktør i Noreg, medan vi eksporterer farleg avfall til behandling i andre land.

Miljødirektoratet har gitt samtykke til import av einskilde typar farleg avfall til NOAH Langøya, også frå land utanfor Norden. Noreg importerer i hovudsak uorganisk farleg avfall, særleg frå Sverige og Danmark, men også frå einskilde andre europeiske land. Noreg eksporterer òg avfall, hovudsakelig organisk farleg avfall, til Norden og andre nærliggjande europeiske land.

Import av avfall er strengt regulert gjennom EU si grensekryssforordning. Høve til Miljødirektoratet til å kontrollere at verksemdene er i tråd med gjeldene regelverk for import av avfall, vil vere å kontrollere verksemda si eigen mottakskontroll, dvs. at dei har gode nok rutinar som sikrar at dei ikkje tek imot avfall dei ikkje har lov til, og at det avfallet dei motteke faktisk stemmer overeins med dokumentasjonen tilhøyrande avfallet. Miljødirektoratet kan samtidig gjere verifikasjonar/stikkprøvar på at dette blir følgt opp i praksis.

På NOAH Langøya har det vore gjennomført totalt sju tilsyn sidan 2010, tre av dei i form av omfattande revisjonar som skal varslast minimum seks veker i framkant, samt fire dags-inspeksjonar (som kan gjennomførast både varsla og umeldt). Miljødirektoratet har ikkje gjennomført umeldte tilsyn på NOAH Langøya i den perioden.

Miljømyndigheitene (Fylkesmannen og Miljødirektoratet) gjennomfører både umeldte og varsla tilsyn. I mange tilfelle er det nødvendig å varsle før tilsynet, for å sikre at det er drift og at myndigheitene treffer dei rette personane hos verksemda. I andre tilfelle kan det vere ein fordel å kome umeldt for å sjekke status og kunne avdekkje ulovlege forhold. Erfaringa frå Miljødirektoratet er at det som regel ikkje er signifikant forskjell i etterleving av reglar om tilsynet er varsla på førehand eller ikkje. Miljødirektoratet si vurdering er at verksemdene i lita grad kan skjule eller endre system og prosessar som har tyding for kva som blir avdekt under tilsynet. Basert på desse erfaringane, er varsla tilsyn den dominerande forma for tilsyn, og mellom 70-80 prosent av tilsyna er varsla. I perioden 2015-2018 vart det avdekt prosentvis fleire brot på tilsyn som var varsla på førehand enn ved umeldte tilsyn. Tal frå 2019 viser omtrentleg same brotstatistikk uavhengig av om kontrollen var varsla eller ikkje.