Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1043 (2019-2020)
Innlevert: 23.02.2020
Sendt: 24.02.2020
Besvart: 28.02.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva vil statsråden gjere for å redusere saksbehandlingstida i erstatningssaker for veteraner med psykiske skadar?

Begrunnelse

Den 17. januar 2020 fekk Forsvarsministeren levert rapporten frå arbeidsgruppa som har gått gjennom erstatningsordningane for veteranar som har pådratt seg psykiske skadar etter deltaking i internasjonale operasjonar. Ei problemstilling som har fått lite merksemd i rapporten er saksbehandlingstida i erstatningssakane. Veteranforbundet SIOPS har motteke ei rekke bekymringsmeldinger frå veteraner og pårørande om uforholdsmessig lang saksbehandlingstid. Det er ikkje uvanleg at det går fem år, eller lenger, frå ein veteran søkjer om erstatning til det føreligg eit endeleg vedtak. Dette er menneske som allereie finn seg i ein svært utfordrande livssituasjon, og det å vente i så mange år er ei tilleggsbelastning som ikkje berre påverkar veteranane på ein svært negativ måte, men også hans eller hennar næraste omgjevnader. Veteranane meldar om at liva deira blir satt på vent medan erstatningsprosessen går for seg. Det er også utfordrande å motta psykisk helsehjelp i denne perioden, då hovudfokuset til veteranen er på den erstatningsprosessen veteranen er i.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Veteranar med psykiske skadar står ofte i ein krevjande livssituasjon. Ventetida frå søknad om kompensasjon eller erstatning og fram til endelig vedtak føreligg, kan opplevast som ei ekstra belastning for mange. Det er derfor viktig at sakene vert behandla så raskt som mogleg.

Tida det tar frå Statens pensjonskasse (SPK) får søknad om erstatning til det ligg føre eit vedtak, varierer frå sak til sak. Sakene er komplekse, og det er tidkrevjande å foreta dei avklaringane og hente inn den informasjonen som er naudsynt. Dette er årsaka til at det mange gongar tar tid før endelig vedtak føreligg.

Eit vilkår for å få erstatning er at erstatningssøkar er varig yrkesmessig ufør. I dei fleste av krava SPK mottar, er det ikkje avklart i kva grad erstatningssøkar er varig yrkesmessig ufør. Dette må avklarast i NAV før det er aktuelt å hente inn ei spesialisterklæring, som også er eit krav etter ordninga. SPK kan ikkje motsetja seg å behandla eit krav om kompensasjon sjølv om grunnvilkåret om varig yrkesmessig uførleik ikkje er tilstrekkeleg avklart på tidspunktet for framsetjing av kravet. SPK har oppgitt at det også ofte er lang ventetid hjå dei spesialistane som har den tilstrekkelege kompetansen til å utarbeida spesialisterklæringar i denne sakstypen. I tillegg er innhenting av informasjon frå ulike medisinske instansar tidkrevjande.

SPK har oppgitt at den faktiske saksbehandlingstida normalt vil vera om lag eitt år dersom erstatningssøkars varige ervervsuførleik er tilstrekkeleg avklart. Når all tilstrekkeleg informasjon finst i saka, vil vedtak i saka normalt treffast innan fire veker.

SPK har i fellesskap med Forsvarsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet utarbeidd retningslinjer for å styrke forvaltninga av erstatningsordningane. SPK har utarbeidd skriftlege saksbehandlingsrutinar, irekna rutinar for purring på etterspurd dokumentasjon og val av spesialistar. SPK har òg tidlegare innført eit nytt saksbehandlingssystem som har medverka til ei meir effektiv saksbehandling. Riksrevisjonen har så seint som i 2018 gått gjennom SPKs saksbehandlingsrutinar i



«Oppfølging av Dokument 3:9 (2013-2014) Riksrevisjonens undersøking av ivaretakelse av veteranar frå internasjonale operasjonar».



I dei fleste av sakene der SPK gir avslag, blir avslaget klaga inn for Klagenemnda for kompensasjon og billighetserstatning. Per i dag ligg saksbehandlingstida i klagenemnda på i overkant av eit og eit halvt år. Dette skuldast først og fremst avgrensa kapasitet i klagenemnda.

Arbeidsgruppa som har gått gjennom erstatningsordningane for veteranar som har pådratt seg psykiske skadar etter deltaking i internasjonale operasjonar har råda regjeringa til å flytte sekretariatet for klagenemnda frå Forsvarsdepartementet til Statens sivilrettsforvaltning. Ei slik flytting vil kunne effektivisere arbeidet i sekretariatet, og dermed forkorte saksbehandlingstida i klagenemnda.