Skriftlig spørsmål fra Tellef Inge Mørland (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1065 (2019-2020)
Innlevert: 25.02.2020
Sendt: 26.02.2020
Besvart: 02.03.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Tellef Inge Mørland (A)

Spørsmål

Tellef Inge Mørland (A): Hva er samferdselsministerens reaksjon på Go-Ahead sitt ønske om å redusere antall stopp på enkelte avganger langs det vi kjenner som Sørlandsbanen, og vil han sørge for at selskapet ikke reduserer antall stopp på de aktuelle stasjonene?

Begrunnelse

Selskapet Go-Ahead, som har vunnet regjeringens anbud om å kjøre tog på Sørlandsbanen mellom Stavanger og Oslo, ønsker nå å redusere antall stopp på strekningen for enkelte av sine avganger. De ønsker nå å svekke togtilbudet ved stasjonene på Nodeland, Audnedal, Snartemo, Gyland, Vegårshei, Gjerstad, Neslandsvatn, Drangedal og Lunde.
I mitt skriftlige spørsmål, dokument nr. 15:344 (2017-2018), utfordret jeg samferdselsministeren på om han var tilfreds med en mulig redusert stoppfrekvens langs Sørlandsbanen, som følge av at man i de første anbudspapirene ikke stilte klare nok krav til stoppmønster.
Daværende samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen svarte da: «Det er ikke lagt opp til reduksjoner i antall stopp i forhold dagens ruteopplegg.» og «Jernbanedirektoratet har opplyst at de, på bakgrunn av at det er oppstått usikkerhet om tolkningen av formuleringene i konkurransegrunnlaget, vil gjøre en presisering og tydeliggjøring av kravene til betjening av stasjoner i en senere oppdatering av konkurransegrunnlaget.»
Nå må man altså igjen, som følge av operatørbyttet på den aktuelle togstrekningen, ta kampen for å opprettholde stoppstrukturen. Disse togstoppene er, når det gjelder kollektivtilbud for Indre Agder det Widerøe er for Nord-Norge og trikken er for Oslo, og derfor av stor betydning for kommunene som blir berørt.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: I trafikkavtala mellom Go-Ahead Norge og Jernbanedirektoratet ligg det krav om at togoperatøren skal vidareutvikla togtilbodet på Sørlandsbanen frå ruteterminskiftet i desember 2020. Vidare føreset trafikkavtala at alle endringsforslag utover eit minimumskrav til rutetilbodet skal sendast på høyring til dei fylkeskommunane forslaga vedkjem seinast tre månader før tinging av ruter primo april. Hensikta med dette er å sikra at regionale styresmakter er samde om tilbodsutviklinga.
For endringar som påverkar stoppmønster er det stilt særskilde krav i trafikkavtala. For fjerntoga på Sørlandsbanen er det 17 stasjonar som alle avgangar skal stoppa på. Vidare er det 12 stasjonar der togoperatøren kan vurdera eit avgrensa stoppmønster, til dømes ut frå marknads- eller produksjonsmessige omsyn. Det er likevel ein føresetnad at eventuelle endringar i stoppmønster skjer i dialog med fylkeskommunen, og at den blir godkjent av Jernbanedirektoratet.
Konkret innebar dette at Jernbanedirektoratet i konkurransegrunnlaget, og dermed òg i den underteikna trafikkavtala, har stilt særskilde krav til interaksjon og forankring ved endringar i togtilbodet som påverkar stoppmønsteret. Kravet om dialog med fylkeskommunar, og ei godkjenning av Jernbanedirektoratet, er ei innskjerping samanlikna med den tidlegare trafikkavtala med Vygruppen.
Jernbanedirektoratet vil legga særskilt vekt på utsegnene frå fylkeskommunane i ein eventuell prosess for godkjenning av eit justert stoppmønster. Direktoratet vil dessutan sjå på heilskapen i endringsforslaget for å kunna vurdera om dette totalt sett er eit fornuftig tiltak på Sørlandsbanen. På den bakgrunn er det lite formålstenleg no å kommentera potensielle endringar i stoppmønster før dialogen med dei aktuelle fylkeskommunane er gjennomført, og Jernbanedirektoratet har gjort sine vurderingar.
Det er elles verd å nemna at reisande på Sørlandsbanen frå desember 2020 får ein ekstra avgang kvar veg på strekninga Oslo-Stavanger slik at det blir tilnærma to-timars frekvens på strekninga på kvardagar.