Jon Georg Dale (FrP): Kva er lengste avstand frå den definerte Iskanten i 2011, til det området det er opna for olje- og gassaktivitet i Meld.St. 20 (201-2020), kor mange kvadratkilometer stengast for aktivitet som følge av denne grensejusteringa, og fins det områder der ny foreslått iskantsone går lenger nord enn området var definert i 2011?
Begrunnelse
Definisjonen av Iskantsona som ligg i Meld.st. 20 (2019-2020) har stor betydning for rammevilkåra for olje- og gassindustrien. Etter framlegginga av meldinga har det vore ein tiltakande diskusjon om kva dette har å bety for tilgangen på areal. Eg bed difor om at Olje- og energiministeren gir si vurdering av kor store konsekvensar dette reelt har for oljenæringa. Det bes derfor om ei vurdering av kor lang avstanden på det lengste er med forlaget frå regjeringa samanligna med den definerte Iskanten i 2011. Videare bes det om ei vurdering av kor mykje areal den nye iskantsonedefinisjonen innskrenkar for olje- og gassaktivitet samanligna med definisjonen frå 2011. Det bes også redegjort dersom forslaget frå regjeringa i Meld.St.20 i noko område opner område for aktivitet nord for det den definerte Iskanten gjorde i 2011.