Ingrid Heggø (A): Levedyktige bedrifter skulle via krisepakkane få hjelp til å komme seg gjennom koronakrisa. SOF via folketrygdfondet bruker ratingnivå etter korona som utgangspunkt for å komme i låneposisjon, ikkje historisk rating, noko som gjer at mange fell utanfor. Dette er ikkje i tråd med intensjonane bak SOF.
Vil statsråden endre og presisere mandatet ved SOF eller vil statsråden iverksetje andre tiltak for at antatt levedyktige selskap kjem i låneposisjon og får hjelp gjennom krisa?
Begrunnelse
Krisepakkane er oppretta for å hjelpe levedyktige bedrifter gjennom koronakrisa. Nå kjem attendemeldingar på at det er fleire som ikkje kjem i låneposisjon i statens obligasjonsfond (SOF) avdi dei har falle på ratingen etter koronakrisa. Så og seie alle bedrifter har fått ei meir usikker og uforutsigbar framtid dei nærmaste åra, og dermed vert ratinga redusert. Folketrygdfondet viser til mandatet gjeve av regjeringa, og sine interne regler for å få lån. Det er bl.a. ei rating over CCC+, og at dei legg den lågaste av fleire ratinger til grunn. SOF kom på grunn av ein ekstraordinær situasjon, koronakrisa, og då vert det urimelig å legge til grunn same låne vilkår som før kriselåna kom. Departementet skal ha fått opplysninger om situasjonen vedkommande problem viss ein ikkje nyttar historisk rating 16. mars, men har ikkje endra mandatet, og dermed fell mange utanfor. Folketrygdfondet må få klar melding om endring av desse reglane slik at levedyktige bedrifter før koronakrisa vil komme gjennom krisa, slik som meininga med låneordninga var. Store deler av transportbransjen fell utanfor låneordninga og også reiselivsbransjen som er svært hardt råka.