Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1530 (2019-2020)
Innlevert: 06.05.2020
Sendt: 07.05.2020
Besvart: 15.05.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): KLD har nå trukket tilbake stoppordren som Miljødirektoratet ga til etablering av oppdrettsanlegget for Mowi ved Søla i Verdensarvområdet Vega. Dette skjer uten at etableringen er konsekvensutredet som både Verdensarvkonvensjonen og Plan- og bygningsloven krever, og samtidig som at Norge sitter i Verdensarvkomiteen!
Hvordan kan statsråden trekke tilbake et miljøbegrunnet nei fra sin egen fagetat å gi grønt lys for et oppdrettsanlegg midt i et av våre få verdensarvområder av stor verdi uten konsekvensutredning?

Begrunnelse

I 2004 ble Vegaøyan skrevet inn på Unescos liste over verdens kultur- og naturarv. Det er det unike kulturlandskapet i Vegaøyan som er et resultat av samspillet mellom menneske og natur over lang tid, som er begrunnelsen for at Vegaøyan fikk plass på den prestisjetunge verdensarvlisten. I dette tusenøyersriket er det at en kystnatur og kystkultur møtes. Et unikt landskap med 6 500 øyer, holmer og skjær med et utrolig rikt fugle- og dyreliv, med tette bestander av sjøfugl, ikke minst ærfugl, og arter som havørn, hubro og oter.
Det var også den unike ærfugl- og duntradisjonen som fortsatt holdes i hevd, som var en viktig faktor for opprettelsen av verdensarvområdet.
I de sentrale deler av verdensarvområdet er det også etablert naturreservat og landskapsvernområde.
Planer om et oppdrettsanlegg i et slikt verdensarvområde burde jo ha vært gitt et stopplys umiddelbart og i hvert fall et sterkt krav om en konsekvensutredning for verneverdiene.
Det mange spør seg om er: Hvordan kan man ende med at det blir et industrielt oppdrettsanlegg – uten konsekvensutredning - midt i hjertet av Vegaøyan Verdensarv, når regjeringen sier at verdensarvområdene skal være eksempel på beste praksis innen natur- og kulturminneforvaltning. Det er gjentatt i tre stortingsmeldinger samt da Norge kandiderte til Verdensarvkomiteen.
Jeg er også kjent med at det i går kom et brev til Norges delegasjon til UNESCO med bekymringsmelding og spørsmål til statsparten om hvorfor det er gitt tillatelse til lakseoppdrett ved Søla, når Norge har lovet i brev til UNESCO at det skulle gjennomføres konsekvensutredninger før det ble gitt slik tillatelse. Norge har fått svarfrist 20. mai. Alt dette setter Departementets avgjørelse i et underlig lys.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Innleiingsvis vil eg understreke at dette er ei kompleks sak med ei lang førhistorie. Eg vil derfor gi ei orientering om bakgrunn og status i saka, og Klima- og miljødepartementet si rolle. Eg syner òg til tidlegare klima- og miljøminister Vidar Helgensen sine skriftlege svar til Stortinget datert 1. februar og 26. april 2017 i saka.

Som klima- og miljøminister har eg det overordna ansvaret for oppfølginga av verdsarvkonvensjonen og å ivareta statspartsforpliktingar i medhald av verdsarvkonvensjonen. Dei norske verdsarvområda skal forvaltas i eit langsiktig og berekraftig perspektiv i tråd med forpliktingane, og regjeringa har ein ambisjon om at dei norske verdsarvområda skal vere fyrtårn for berekraftig miljøforvaltning. Dette gjeld òg sjølvsagt for Vegaøyan.

Noreg har ikkje eit særskilt regelverk for verdsarven. Vår forvaltning av verdsarven er tufta på at både avgjerdsmakt på tvers av forvaltningsnivåa og dei statlege sektormynde legg verdsarvforpliktingane til grunn i si sakshandsaming. Når det er tvil om ei verksemd kan truge eller skade verdsarvverdiane, er det difor avgjerande å gjere konsekvensutgreiingar før godkjenning av slike tiltak, slik òg representanten syner til.

Det har i lang tid vert arbeidd med ein Kystplan for Helgeland, delområde Vega, ein prosess etter plan- og bygningslova. I denne planprosessen er akvakultur eit sentralt tema. Både Fylkesmannen i Nordland og Riksantikvaren har fremja motsegn til kystplanen sitt forslag om å opne for oppdrettsverksemd i to områder innanfor Vegaøyan verdsarvområde, Rørskjæran og Hysvær. Miljøforvaltninga har her ikkje tatt stilling til oppdrettsverksemd i seg sjølv, men gjort det klart at det manglar konsekvensutgreiingar som seier kva for effekt oppdrett kan få på verdiane som låg til grunn for at Vegaøyan fekk status som verdsarv.

Konsekvensutgreiingar er eit klart krav i plan- og bygningslova, og er også ei forventing i retningslina til verdsarvkonvensjonen. Motsegnene til Kystsoneplanen er nå til handsaming i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Klima- og miljødepartementet skal gi uttale før Kommunal- og moderniseringsdepartementet avgjer saka.

Det er fleire sektormynde som er involvert i saka om oppdrettsanlegget ved Rørskjæran. Løyve til oppdrett krev mellom anna eit lokaliseringsløyve etter akvakulturlova som vert handsama av fiskeristyresmaktene, samt eit løyve til utslepp etter forureininglova frå miljøstyresmaktene, og arealbruken skal vere i tråd med arealplan.

Klima- og miljødepartementet fekk i april 2019 ein klage frå Mowi Norway AS på Miljødirektoratet sitt vedtak om å trekkje tilbake utsleppsløyve for matfiskproduksjon ved Rørskjæran. Klima- og miljødepartementet oppheva Miljødirektoratet sitt vedtak 22. april i år, då det foreløpig ikkje var nok grunn til å gjere om Mowis utsleppsløyve. Departementet sitt vedtak fører ikkje utan vidare til at det er gitt "grønt lys" for oppdrettsanlegg i verdsarvområdet.

Vegaøyan vart innskriven på verdsarvlista grunna det unike kulturlandskapet som er utvikla gjennom hundreår med fiske, landbruk og dunvær. Ærfugldrifta er heilt sentral som verdsarvverdi. Ei konsekvensutgreiing har som føremål å greie ut om ny verksemd vil ha negativ innverknad på dette. Vega kommune er nå i gang med ei utgreiing som ser nærare på forholdet mellom akvakultur og verdsarvverdiane i Vegaøyan. Denne kan få følgjer for om det bør vere oppdrett ved Rørskjæran, og om det seinare vil vere grunn til å gjere om utsleppsløyvet etter forureininglova. Klima- og miljødepartementet vil derfor følgje utviklinga av denne prosessen nøye.