Jenny Klinge (Sp): Kva meiner justisministeren er årsaka til at det ikkje har kome på plass fleire patruljar etter at over 120 lensmannskontor vart nedlagte, og kva er planen til regjeringa no, oppbemanne dei lensmannskontora som står att etter reforma eller gjera andre grep?
Begrunnelse
Adresseavisen har i sommar skrive om statusen for politiet i Trøndelag etter politireforma, mellom anna i denne artikkelen frå 5/7: https://www.adressa.no/pluss/nyheter/2020/07/05/Krever-at-statsr%C3%A5den-svarer-om-politipatruljer-22225392.ece . Politimeisteren svarer avisa at han ikkje trur det har vorte fleire operative politifolk i politidistriktet. I politimeldinga som vart lagt fram i juni, kjem det også fram frå regjeringshald at auken i patruljar ikkje har stått til forventningane.
"Nedleggingen av lensmannskontorer har ikke resultert i den nødvendige økningen i synlighet og tilstedeværelse lokalt gjennom flere politipatruljer.", står det i politimeldinga. Dette stemmer med dei svara eg har fått frå skiftande justisministrar. Eg har levert skriftlege spørsmål om kor mange fleire patruljar som har kome på plass etter at over 120 lensmannskontor er nedlagte for å styrke beredskapen og gi meir nærpoliti, og svara har vore at regjeringa ikkje har tal på dette. I politimeldinga går regjeringa lenger når dei innrømmer at politiet faktisk ikkje har vorte tilstrekkeleg synleg og til stades gjennom fleire politipatruljar. Viss eg forstår det som står i politimeldinga rett, er dette for første gong ei klar innrømming av at det ikkje har kome på plass fleire patruljar.