Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2551 (2019-2020) Innlevert: 08.09.2020 Sendt: 08.09.2020 Besvart: 16.09.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn
Karin Andersen (SV): Det er gjort vedtak om stopp av konsejonspålagt stryking av settefisk fra Hunderfossen kraftverk. Det er meget viktig at denne fantastiske fiskestammen bevares og at den også er høstbar framover. Hvilket faglig grunnlag bygger pålegget om stopp på og er det aktuelt å pålegge kraftverket flere avbøtende tiltak som kan sikre nok naturlig formering uten stryking?
Sveinung Rotevatn: Storaurestammene i Mjøsa og Lågen har vore, og er framleis, negativt påverka av ei rekkje inngrep. Gjennom ei årrekkje har det vore produsert og sett ut setjefisk av Hunderstammen for å bøte på skadar som følgje av kraftutbyggingane i Hunderfossen, Moksa kraftverk og reguleringa av Mjøsa. Fylkesmannen i Oslo og Viken og Fylkesmannen i Innlandet har no funne det rett å oppheve dei tre pålegga om utsetjing av hunderaure. Bestanden av hunderaure er kraftig styrkt dei seinare åra. Hunderauren si naturlege rekruttering er no så god at fylkesmennene meiner det ikkje lenger er naudsynt å styrkje han med utsetjing av setjefisk.Oppgangen av gytevandrande fisk forbi Hunderfossen kraftverk har vore overvaka sidan fisketrappa blei sett i funksjon kort tid etter at Hunderfossen kraftverk vart etablert. All fisk som passerer dammen blir registrert. All setjefisk som blir sett ut, blir merkt slik at ein kan skilje på fisk av utsett opphav og naturleg rekruttert fisk. Dette gir god kunnskap om utviklinga i bestanden av hunderaure.Registreringane dei seinare åra har vist at bestanden har hatt ei positiv utvikling, med monaleg auke i talet på oppvandrande fisk. Oppgangane dei seinare åra har vore dei største som er registrerte. Registreringa viser at det først og fremst er oppgangen av naturleg rekruttert fisk som har auka. Dei seinare åra har talet på gytevandrarar av naturleg opphav som har passert Hunderfossen, vore større enn totaloppgangen var då deira foreldregenerasjon vandra opp, noko som tilseier at naturleg rekruttering vil kunne halde ved lag bestanden på nivået i dag utan bidrag frå utsett fisk.For å ta vare på dei ulike stammene av storaure i vassdraget, er det ønskjeleg i størst mogleg grad å leggje til rette for naturleg rekruttering framfor utsetjing av fisk. Fiskeutsetjing kan ha negativ verknad på fiskestammene si genetiske eigenart. Gyteområdet til storauren frå Mjøsa som passerer Hunderfossen, omfattar fleire åtskilde gyteområde på ei strekning heilt opp mot Harpefoss i Sør-Fron. Ved stamfiskuttak har ein ikkje hatt nokon kontroll på kor den einskilde stamfisken skulle hatt sitt naturlege gyteområde. Dermed har ein ikkje visst om ein bryt ned genetiske skilnader mellom ulike gytebestandar i vassdraget. Regulanten har sett i verk, og er i ferd med å setje i verk, fleire ressurskrevjande tiltak som ein ventar vil styrkje den naturlege rekrutteringa av storaure i vassdraget ytterlegare. Nokre av tiltaka skjer gjennom pålegg, medan dei fleste skjer friviljug. Etter søknad frå Opplandskraft har NVE gitt eit mellombels løyve for Hunderfossen kraftverk som inneber prøving av auke i minstevass-slepp, lokkeflommar, m.m. Ein ventar at dette vil gi auke i naturleg rekruttering. Vidare er Vinkelfallet kraftverk i Ringebu kalt inn til konsesjonshandsaming som følgje av verknadene kraftverket har på storaurestammen som gyter i sideelva Våla. Fylkesmennene har forventingar til at dette vil styrkje rekrutteringa for denne stammen. Det er også kravd vilkårsrevisjon for eit kraftverk og innkalling til konsesjonshandsaming av eit anna kraftverk i sideelva Gausa, noko fylkesmennene òg har tru på at vil styrkje storaurestammen som gyter der. Glommens og Laagens Brukseierforening har greid ut og skal no gjennomføre biotoptiltak i Vorma ved Svanfoss for å freiste å styrkje stammen som er påverka av reguleringa av Mjøsa.I tillegg til tiltak som gjeld inngrep knytt til vasskraftutbygging, blir det òg arbeidd med friviljuge tiltak knytt til andre påverknader enn vasskraft i fleire sideelver som er gyteelv for storaurestammer. Mellom anna har Østre Toten kommune fått løyvd eit tilskot frå NVE for å gjennomføre biotoptiltak i Lenaelva, og Gudbrandsdal sportsfiskerforening arbeider for å fjerne ein gamal dam i elva Tromsa i Ringebu som vil opne opp att fleire kilometer med urørt gyteelv for storauren.Miljøforvaltninga er opptatt av å ta vare på det unike mangfaldet av storaurestammer i Gudbrandsdalslågen, Mjøsa og Vorma og deira sideelver. Dette er det mest verdfulle storaurevassdraget i landet. Det er vidare ei klar målsetjing å halde ved lag eit haustbart overskot. I dag er det ei aktiv utnytting av storaurestammene i vassdraget. Dette fisket har stor rekreasjonsverdi for både lokalbefolkninga og tilreisande fiskarar. Den langvarige overvakinga av storaurestammen som går opp i Lågen, blir vidareført kontinuerleg. Bestandssituasjonen for storaurestammen vil fortløpande bli vurdert, og utsetjingspålegg vil kunne bli innført på nytt på kort varsel dersom overvakinga viser at talet på gytevandrarar fell til eit urovekkjande nivå. Dette er klårt kommunisert i vedtaka om oppheving av utsetjingspålegga. Regulantane har bestilt genetiske kartleggingar av aurestammene og ei utgreiing av korleis eit eventuelt kultiveringsoppdrett bør gjennomførast for å gi minst mogleg negativ påverknad av eigenarten til dei ulike gytestammene, dersom det seinare skulle bli naudsynt å ta opp att utsetjingane.Det er sett fram klager til Miljødirektoratet på fylkesmennene sine vedtak om å oppheve pålegga om utsetjing. Klagene er no til vurdering hos fylkesmennene.