Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2708 (2019-2020)
Innlevert: 21.09.2020
Sendt: 22.09.2020
Besvart: 29.09.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Uno-X har fått bevilget over 70 millioner til fyllestasjoner for hydrogen. I en artikkel i Bergens Tidende 17/9-2020 vil ikke Enova svare på hvor mye av de 70 millionene som er utbetalt.
Derfor spør jeg statsråden, hvor mye av de over 70 millionene er utbetalt til Uno-X og hva vil statsråden gjøre for å sørge for at pengene blir brukt til det de var ment til?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Enova har gitt Uno-X tilsegn om stønad på til saman 70 millionar kroner til ni hydrogenfyllestasjonar mellom 2015 og 2018. Målet har vore å medverke til utvikling av ein marknad for hydrogen til bruk i transport. Av dei ni prosjekta har Enova betalt ut heile stønadsbeløpet til stasjonen i Sandvika utanfor Oslo. Enova har betalt deler av stønadsbeløpet til tre andre hydrogenfyllestasjonar. For dei resterande fem stasjonane, med samla tilsegn på i overkant av 34 millionar kronar, har Enova ikkje betalt ut noko stønad.
Enova betalar ut stønad etterskotsvis for påkomne kostnadar ettersom prosjekta skrid fram. Kor mykje som er utbetalt til eit prosjekt avheng dermed av kor langt det er kommen. Dei siste 20 % av stønaden blir først utbetalt når prosjekta er stilt ferdig og det er levert sluttrapport. Når det gis tilsegn set Enova av heile stønadsbeløpet. Dersom prosjektet ikkje blir starta eller fullført, vil midla gå tilbake til Enova og bli brukt til å finansiere andre gode prosjekt.
Enova skal medverke til teknologiutvikling og innovasjon. Slik aktivitet inneber risiko. Det må dermed forventast at nokre prosjekt ikkje blir realisert eller ikkje oppnår dei ønskte resultata.
Grundig søknadshandsaming, jamleg dialog med søkarar og oppdeling av stønadsutbetalinga medverkar til å redusere risikoen for å støtte og utbetale middel til prosjekt som ikkje lykkast.
For å sikre ei tilfredsstillande vurdering av søknader og ein forsvarleg søknadshandsaming er Enova avhengig av å ha naudsynt informasjon tilgjengeleg. Dette vil ofte inkludere forretningssensitiv informasjon som ein må halde hemmeleg av omsyn til konkurransen. Enova opplyser at dei har avslått ei førespurnad om innsyn frå Bergens Tidende om kor mykje stønad som er utbetalt til hydrogenstasjonane. Departementet er klageinstans for ei eventuell klage på førespurnaden om innsyn. Eg vil derfor ikkje gå inn i dette spørsmålet her.
Departementet styrer Enova på eit overordna nivå, hovudsakeleg gjennom fireårige avtalar. Innanfor rammene av avtalen er det opp til Enova å prioritere mellom område, utvikle program og tildele stønad til enkeltprosjekt slik at måla kan bli nådd mest mogleg effektivt. Hydrogen og etablering av ein hydrogenmarknad er noko Enova har støtta og fortsett å støtte. Til dømes gav Enova i sommar eit tilsegn på 77 millionar kroner til CCB AS til etablering av eit pilotanlegg for utsleppsfri hydrogenproduksjon.
Når det kjem til hydrogenfyllestasjonar har Enova hatt eit eige hydrogeninfrastrukturprogram der dei har gitt investeringsstønad til etablering av offentleg tilgjengelege fyllestasjonar. I utlysinga i 2019 fekk Enova få søknader frå ein avgrensa mengde søkarar, kor enkelte søknadar ikkje var kvalifisert i samsvar med krava. Andre valde å trekkje sine søknadar. Resultatet var at det ikkje blei innvilga stønad i fjor. Enova opplyser at programmet er under vurdering.