Kjersti Toppe (Sp): Meiner statsråden at 4-5 vekers frist på anbod på kontrakt verd 1,2 milliardar kroner er god praksis i helseføretaka, kan statsråden stadfeste at regelverket rundt offentlege anskaffelsar ikkje hindrar helseføretaka i å utlyse eigne (skjerma) anbodsrundar for ideelle tilbydarar, og kan statsråden informere om utviklinga i bruk av ideelle tilbydarar i Helse Nord?
Begrunnelse
Viser til statsrådens svar på dokument nr. 15:2607 (2019-2020) der det står at helseforetaket vurderer at ein anbodskonkurranse reservert ideelle aktørar ville innebere for stor risiko. Men i møte som helse- og omsorgskomiteen hadde med Helse Nord RHF den 8. september 2020, blei det på direkte spørsmål frå underteikna opplyst at helseføretaket ikkje kunne reservere konkurranse for ideelle tilbydar i dette aktuelle anbodet fordi dette ville vere i strid med regelverket for offentlege anskaffelsar. Det er urovekkande om det regionale helseføretaket har ei feil oppfatting om lovlegheita av skjerma anbodskonkurransar.
Det er også grunn til å stille spørsmål ved om statsråden går god for ein praksis i helseføretaka der ein kontrakt i milliardsklassen berre har 4 -5 vekers utlysingstid, og det er også grunn til å stille spørsmål ved korleis Helse Nord har tenkt å auke bruken av ideelle aktørar når dei ikkje legg opp til dette på rusfeltet.