Kjersti Toppe (Sp): Når aktar regjeringa følge opp stortingsvedtaket om ein gjenomgang av pasientreiseordninga, vil statsråden gripe inn ovanfor helseføretaka for å sikre ei verdig og forsvarleg pasientreiseordning på Voss og i Bergen slik at eldre, sjuke og folk med særskilte behov skal kunne føle seg trygge og ivaretatt på ein verdig og god måte når dei har behov for transport til behandling, og kan statsråden forklare kvifor Christiania Taxi for forlenga kontrakt på Voss når klagene er så mange?
Begrunnelse
01.02.2020 overtok Christiania Taxi pasientkøyringa på Voss. Det er svært stor misnøye med pasientreiseordninga etter dette og det er fram til august komen inn 108 skriftlege klager på tilbodet. Det handlar om lang ventetid og dårleg service, uerfarne sjåførar med liten lokalkunnskap, dårlege bilar og uheldige hendingar. Folk vegrar seg for å nytte pasientreiser og det kjem meldingar om at pasientar i staden brukar TT- kortet, ordnar med køyring av kjente eller i familien eller lar vere å reise til behandling. I Bergen overtok Norgestaxi og Christiania Taxi over pasientkøyringa i 2017. Då gjekk også klagene i været, frå 50 klager året før til 230 klager året etter. Dei fleste klagene også her handlar om lang venting og dårleg service.