Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:680 (2020-2021)
Innlevert: 09.12.2020
Sendt: 10.12.2020
Besvart: 17.12.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Flere aktører, deriblant Oslo kommune, stiller ambisiøse og tydelige klimakrav i sine innkjøp av bygge- og anleggstjenester.
Hvordan sikrer regjeringen at det i alle statlige innkjøp av bygg- og anleggsarbeid blir stilt tilstrekkelig ambisiøse klimakrav på tvers av ulike sektorer til at man oppfyller Granavolden-erklæringens punkt om at det offentlige har et særlig ansvar for å gå foran for å sikre at bygge- og anleggsplasser er fossilfrie innen 2025?

Begrunnelse

Langsiktige klimakrav bidrar både til direkte utslippskutt og at bygge- og anleggsbransjen får forutsigbarhet til å omstille seg.
I Granavolden-erklæringen står det at regjeringen:

«I samarbeid med bransjen, legge til rette for at bygge- og anleggsplasser skal være fossilfrie innen 2025. Det offentlige har et spesielt ansvar for at byggeplasser i offentlig regi går foran.»

Utfra formuleringene i punktet må man forvente at staten og andre offentlige aktører krever minst fossilfritt i alle bygge- og anleggsprosjekter i god tid før 2025. Det er imidlertid vanskelig å finne informasjon om hvordan regjerningen har fulgt opp punktet fra Granavolden-erklæringen og nedfelt det i bindende i alle relevante styringsdokumenter for å sikre at staten stiller tilstrekkelig ambisiøse klimakrav i alle kjøp av bygge- og anleggstjenester.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg er einig med representanten Haltbrekken i at det er viktig å redusere utsleppa frå byggje- og anleggsverksemd. Eg er òg einig i at det offentlege har eit særleg ansvar for å gå føre for å redusere desse utsleppa. Reduserte utslepp frå bygg og anlegg inneber òg mindre støy og betre luftkvalitet, særleg i byane. Skal vi nå målet om å bli eit lågutsleppssamfunn må vi utnytte både energi, materialar og andre ressursar mest mogeleg effektivt. Då må vi sjå byggjeprosjekt og energisystem i samanheng. Vi må også auke innovasjon og ta i bruk ny teknologi.
Vi har allereie viktige verkemiddel på plass for å redusere utslepp frå byggje- og anleggsplassar. Enova er staten sitt verkemiddel for å fremje framtidas utsleppsreduserande teknologi og sikre eit fleksibelt energisystem. Vidare bidreg støtteordninga Klimasats til å støtte kommunale klimaprosjekt, mellom anna fossilfrie bygge- og anleggsplassar. I statsbudsjettet for 2021 aukar vi òg CO2-avgifta i tråd med Granavoldenplattforma, og styrkar insentivet til å velje fossilfrie løysingar. Vi har òg vedteke eit forbod mot bruk av mineralolje til byggvarme på byggjeplassar frå 2022. Eit slikt forbod inneber at bruk av mineralolje til for eksempel oppvarming og tørking av bygningar under oppføring og rehabilitering blir forbode frå 2022. Dette vil redusere klimagassutsleppa frå byggjeplassar.
Samtidig ser vi at det må ytterlegare grep til for å redusere utsleppa frå bransjen og leggje til rette for fossilfrie byggje- og anleggsplassar innan 2025, jf. Granavoldenplattforma. Det er viktig at det offentlege går føre for å skape ein etterspurnad etter null- og lågutsleppsløysingar i bransjen. Regjeringa legg difor i løpet av kort tid fram ein handlingsplan for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren. Handlingsplanen blir lagd fram i samband med klimaplanen som kjem på nyåret. Klimaplanen vil òg omtale utsleppskutt frå bygge- og anleggsplassar og det offentlege si rolle i dette. Fossilfrie byggje- og anleggsplassar er eit område kor Noreg kan gå føre. Vi har rikeleg med fornybar energi, klima- og miljøambisjonar, kunnskap og eit innovativt næringsliv. Det gir eit godt grunnlag for å skape utsleppskutt, grøn konkurransekraft og nye eksportmoglegheiter for norske bedrifter.
Byggjenæringa har sjølve sett seg høge ambisjonar på klima og miljø fram mot 2050. Det er eit godt utgangspunkt. Arealeffektivisering, ombruk, attvinning og sirkulærøkonomi kan saman med klimakrav i offentlege kjøp utgjere ein stor skilnad i løpet av kort tid. Bygningar har lang levetid og dagens avgjerder påverkar sektoren sin klimapåverknad i lang tid framover.
Eg vil òg framheve kommunane si rolle i arbeidet med å kutte utslepp frå byggje- og anleggsplassar. Gjennom sine innkjøp kan kommunane med dagens regelverk etterspørje låg- og nullutsleppsløysingar i byggjetenester. Kommunane har moglegheit til å etterspørje dette i driftstenester og i eigen maskinpark, som innkjøpar, eigar og driftar. Mange kommunar stiller allereie tydelege klima- og miljøkrav ved nybygg. Dette bidreg til å drive fram klimavennlege løysingar og fossilfrie byggjeplassar. Staten støtter opp om utviklinga gjennom stønadsordningar som Enova og Klimasats.