Skriftlig spørsmål fra Une Bastholm (MDG) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:947 (2020-2021)
Innlevert: 14.01.2021
Sendt: 14.01.2021
Besvart: 20.01.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Une Bastholm (MDG)

Spørsmål

Une Bastholm (MDG): I regjeringens klimamelding gis det ingen løfter om å videreføre Klimasats etter 2021.
Vil regjeringen avvikle ordningen, eller er den planlagt videreført?

Begrunnelse

Klimasats er en støtteordning for kommuner og fylkeskommuner som vil kutte utslipp av klimagasser og bidra til omstilling til lavutslippssamfunnet. Klimasats er en populær og velfungerende ordning, som bidrar til konkrete klimakutt i kommunene. Hvert år søkes det om langt mer støtte enn det som innvilges.
Klimasats er omtalt i regjeringens klimamelding, men det er ikke nevnt noe om videreføring etter 2021. Det gis ingen løfter for 2022 eller videre framover.
En evaluering som Menon Economics har gjort på oppdrag fra Miljødirektoratet viser at Klimasats bidrar til direkte utslippsreduksjoner, og hjelper fram bruk av klimavennlige teknologier som for eksempel elektriske tjenestebiler, utslippsfrie anleggsmaskiner og klimavennlige materialer i kommunale bygg.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Klimasatsordninga blei oppretta i 2016 og var meint å vare i fem år. Som stortingsrepresentanten peikar på så er Klimasats ei populær og velfungerande ordning. Av den grunn vidarefører vi ordninga utover prøveperioden. I 2021 tek vi òg sikte på at Longyearbyen lokalstyre kan søke om tilskot frå Klimasats. Vidareføringa av ordninga gjer at enda fleire kommunar kan gjennomføre prosjekt som gir klimagassreduksjonar og bidreg til utvikling av klimavennleg teknologi og arbeidsplassar.
Det er sidan 2016 gitt tilsegn om 900 mill. kroner til rundt 1300 prosjekt over heile landet.
I den grøne omstillingspakka i fjor vår blei også Klimasats styrka med 50 mill. kroner utover eksisterande løyving. Vidareføringa på 100 millionar kroner vil bidra til å utløyse nye klimasatsprosjekt over heile landet. Tiltaka vil stimulere til auka aktivitet i både kommunar og privat sektor. Kommunane vil kunne søke om støtte til blant anna klimavennlege bygg og til å bygge opp auka kompetanse og kapasitet for klimavennlege offentlege innkjøp i kommunane. Utvikling av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar (grøn skipsfart) vert vidareført på eigen budsjettpost frå og med 2021 med ei ramme for nye tilsegn på 80 millionar kroner.
Ei eventuell vidareføring av Klimasats etter 2021 er noko regjeringa må vurdere i den ordinære budsjettprosessen.