Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1640 (2020-2021)
Innlevert: 13.03.2021
Sendt: 15.03.2021
Besvart: 22.03.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Sjøfartsdirektoratet har frårådd å vedta nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026 då ein ikkje er trygg på at teknologien er på plass. Stortinget har trass dette, og etter tilråding frå regjeringa, vedteke nullutslepp frå 2026 samstundes som ein vil at cruisetrafikken skal halde fram som før.
Korleis tolkar statsråden Stortinget sitt vedtak og kvifor ber han Sjøfartsdirektoratet om ein rapport som går i ein anna retning enn dei tydelege råda dei kom med tidlegare?

Begrunnelse

Måndag 1. mars hadde Sogn Avis oppslag om Stortinget sitt vedtak veka før, der fleirtalet vedtok krav om nullutslepp frå fartøy i verdsarvfjordane frå 2026. I oppslaget går det fram at fleirtalet trass vedtaket om nullutslepp ber regjeringa leggje til rett for løysingar som både sikrar miljøet og som sikrar verdsarvfjordane som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026. Frå fagmiljø vert det hevda at dette er ei svært vanskeleg oppgåve. Sjøfartsdiretoratet har åtvara mot å innføre forbod mot båtar med fossilt drivstoff alt frå 2026, og meiner det vil bli vanskeleg å ha naudsynt teknologi på plass så tidleg. Likevel ber statsråden Sjøfartsdirektoratet om ei utgreiing om korleis denne oppgåva kan løysast. Då er det grunn til å spørje seg om statsråden ikkje trur på uttala som Sjøfartsdirektoratet kom med før vedtaket vart gjort i Stortinget.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Stortinget vedtok i 2018 eit krav til nullutsleppsfartøy i verdsarvfjordane så snart det kan gjennomførast teknisk, og seinast innan 2026. På bakgrunn av Stortingets oppmodningsvedtak fekk Sjøfartsdirektoratet i 2019 i oppdrag å «Utrede konsekvensene av å innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026». Sjøfartsdirektoratets svar på oppdraget kom i april 2020. På det tidspunktet var det forventa at nullutslepp frå 2026 er mogleg for mindre fartøy med lokal tilknyting, så framt nødvendig ladeinfrastruktur byggjast ut. For større turistskip som cruiseskip, var ikkje elektrifisering og batteridrift eit alternativ slik det såg ut då på grunn av for liten kapasitet i batteripakkene. Andre teknologiar blei heller ikkje vurdert å vere modne nok innan 2026 til at dei store cruiseskipa kan nytte seg av dei.
På bakgrunn av stor interesse frå fleire næringsaktørar, interesseorganisasjonar og lokalsamfunn, organiserte eg eit innspelsmøte i juli 2020. Her kom lokale myndigheiter, lokalt næringsliv, reiarlag og andre med svært sprikande syn i denne saka. Nokon meiner eit nullutsleppskrav frå 2026 i praksis inneber at det ikkje kjem fleire cruiseskip til verdsarvfjordane, medan andre meiner det er viktig å halde på kravet om nullutslepp innan 2026, fordi det vil bidra til ei raskare teknologiutvikling. Fleire næringslivsaktørar har alt førebudd seg på innføring av kravet frå 2026. Mellom anna har Flåm fått støtte frå Enova for å byggje ut landstrømsanlegg som cruiseskip kan kople seg til. Og fleire reiarlag med skip som nyttast i verdsarvfjordane er i gang med den grøne omstillinga.
I etterkant av dette har Stortinget handsama dokument 8:23 S (2020-2021), kor det blei fremma et representantforslag om å utsetje krava om nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026. Stortinget vedtok i den forbindelse følgande oppmodningsvedtak:

Vedtak 690

Stortinget ber regjeringen bidra til gjennomføring av tiltak initiert av lokale og regionale myndigheter, som reduserer utslipp i verdensarvfjordene.

Vedtak 691

Stortinget ber regjeringen foreslå tiltak som sikrer verdensarvfjordene som anløpshavn for cruisebåter også etter 2026, blant annet ved at staten sikrer etablering av landstrøm i Flåm som planlagt innen 2022.
Min jobb no er å vurdere neste steg i saka, i lys av dei nye vedtaka frå Stortinget. Det er viktig å oppretthalde strenge krav til utslepp frå skip i verdsarvfjordane. Samstundes er eg merksam på at det byr på utfordringar for cruisenæringa teknologisk og økonomisk, som igjen kan få ringverknader for lokalsamfunna. Eg forstår Stortingets nyleg vedteke oppmodningsvedtak i samband med Dok 8:23 handsaminga til å gi mandat til å sjå på løysingar for korleis lokale initiativ kan jobbe samen, og også for korleis vi kan sikre anløp av cruiseskip i verdsarvfjordane også etter 2026. Eg er glad for at Stortinget har peika på etablering av landstraum i Flåm, det er ei viktig føresetnad for utsleppsreduksjonar frå skipsfarten i området. Eg vil på eigna tidspunkt kome tilbake til Stortinget om vidare prosess og oppfølging av saka.
Eg vil også nytte høvet til å peike på at det allereie finst krav til utslepp frå skip i verdsarvfjordane. Noreg har eit særleg ansvar for å forvalte verdsarvområda i eit langsiktig og berekraftig perspektiv. På bakgrunn av dette, innførte regjeringa i 2019 gradvis skjerpande krav til utslepp av NOx og SOx fram mot 2025 og forbod mot utslepp av kloakk i fjordane.