Skriftlig spørsmål fra Terje Halleland (FrP) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1728 (2020-2021)
Innlevert: 21.03.2021
Sendt: 22.03.2021
Besvart: 31.03.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Terje Halleland (FrP)

Spørsmål

Terje Halleland (FrP): Kan statsråden gi en oversikt over hvilke ordninger for å ta i bruk eller utvikle miljøteknologier som etablert eller forsterket under borgerlig regjering, samt hvilke slike ordninger som eventuelt er fjernet i samme tidsperiode?

Begrunnelse

Utslippene fra veitrafikk har gått markert ned de siste årene, selv om trafikkmengden har økt. Også innen industri og næringsliv ser vi reduksjon i utslipp.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Regjeringa vil kutte utsleppa, ikkje utviklinga. Vi må nå klimamåla og samstundes leggje til rette for fleire jobbar, styrka velferd og berekraftig vekst i norsk økonomi. Verksemder må ta i bruk ny teknologi og løysingar som erstattar gårsdagens fossile løysingar. Produkt og tenester må ha mykje lågare klimafotavtrykk framover. Difor er stønad til forsking, innovasjon og utvikling på miljøteknologi er ein viktig del av virkemidlane som skal bidra til ei berekraftig utvikling og verdiskaping for norsk næringsliv.
EU lanserte i 2019 sin grøne vekststrategi - Europas grøne giv - for å nå målet om eit klimanøytralt Europa i 2050. Gjennom EØS-avtalen har Noreg tilgang på det største forskings- og innovasjonsprogrammet i verda gjennom Horisont 2020 og Horisont Europa. Når om lag 93 prosent av Horisont 2020-midlane var fordelte, hadde nesten 14 milliardar kroner funne vegen frå Brussel til norske forskings- og innovasjonsmiljø. Vi ser resultat av satsinga både i maritim næring og annan industri. Norske forskarar og norsk næringsliv vil halde fram med å ha tilgang på sentrale samarbeidsarenaer for forsking og innovasjon i Europa gjennom Horisont Europa i åra 2021- 2027.
Regjeringa har ei rekke ordningar som bidrar til å ta i bruk eller utvikle miljøteknologiar og som er styrka under denne regjeringa. Gjennom Forskingsrådet støttar vi forsking, kompetanse og innovasjon i både akademia, forskingsinstitutt og næringslivet. Gjennom Enova støttar vi utviklinga av nye teknologiar og hjelper desse raskare ut i marknaden. Innovasjon Noreg bidreg til berekraftig vekst og eksport. Vi støttar viktig klimaarbeid i kommunar og fylke gjennom Klimasats, og Nysnø bidreg med kapital til investeringar i ny klimavenleg teknologi.
Enova er ei viktig ordning for utvikling av teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet. Frå 1. januar 2021 tredde den nye styringsavtala mellom Enova og Klima- og miljødepartementet i kraft. Formålet til Enova vil framover vere å bidra til å nå Noreg sine klimaforpliktingar og medverke til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Enovas aktivitet skal rettast mot seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon, med sikte på oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar tilpassa lågutsleppsamfunnet på sikt blir føretrekke utan stønad. Enova skal prioritere innsatsen der den gjev mest effekt og moglegheitene for å påverke utviklinga er størst. Under regjeringa Solberg har midlane til klima og energifondet, som forvaltast av Enova, blitt auka. I 2021 blir Enova tilført 3,3 milliardar kroner som dei skal bruke til å støtte opp om seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon, med sikte på å oppnå varige marknadsendringar. Dette er ein auke på 1,6 milliardar kroner frå nivået i 2013. I 2020 fekk Enova i tillegg 2 mrd. som ein del av den grøne omstillingspakken i samband med koronakrisa. Desse midlane skal forsterke satsinga på teknologiutvikling i industrien og bidra til grøn omstilling.
I 2019 ga Klima- og miljødepartementet Enova i oppdrag å opprette eit nullutsleppsfond for næringstransport, der Enova vart løyva 1 milliard kroner til dette formålet. Enova har bidratt til å få etablert ein grunnleggjande nasjonal ladeinfrastruktur for elektriske køyretøy. I den tidlege fasen kor det fortsett er behov for støtte til offentleg tilgjengelege hurtigladare vil Enova være statens verkemiddel for å bidra til utviklinga av ladeinfrastrukturen.
Regjeringa har høge ambisjonar for norsk forsking og høgare utdanning. I langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (Meld. St.4 (2018 – 2019)) er klima, miljø og miljøvenleg energi ei av dei fem langsiktige prioriteringane. Forskingsrådets sine tildelingar på klima, miljø og miljøvenleg energi var på 3,1 milliardar kroner i 2019. Det er ein auke på 47 prosent sidan 2014. Tyngdepunktet ligg på miljøvenleg energi og lågutsleppsløysingar, bioøkonomi og klimaforsking. Det har dei siste åra vore ein auke i prosjekt retta mor sirkulær økonomi og lågutsleppsforsking.
Innovasjon Norge har ei rekke ordningar for miljøteknologi innan fleire sektorar. Miljøteknologiordninga gir tilskot til utvikling, pilot og demonstrasjon av ny miljøteknologi. Det gjelder innovative produkt eller prosesser som løyser eit miljøproblem. Denne ordninga er styrka under denne regjeringa, frå 260 mill. i 2013 til 578 mill. kroner i 2021. Ei anna ordning under Innovasjon Norge er verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket (tidlegare Bioenergiprogrammet), som også er styrka i perioden, frå 65 mill. kroner i 2013 til 97 mill. kroner i 2021.

Nye ordningar frå regjeringa

Av nye ordningar i Noreg som er oppretta av denne regjeringa er Klimasats, Grøn plattform, Nysnø og fleire ordningar for grøn skipsfart.
Klimasats blei etablert i 2016 og gir støtte til prosjekt i kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyen lokalstyre som bidreg til reduserte utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Støtta gjer blant anna mogelegheit til å prøve ut nye klimavennlege løysingar og teknologiar. Dei har eit budsjett på 100 mill. kroner i 2021.
Grøn plattform er regjeringas tiltak for en koordinert, forsterka og målretta innsats for omstilling til lågutsleppssamfunnet. Ordninga gir bedrifter og forskingsinstitutt støtte til forskings- og innovasjonsdrevet grøn vekst. 1 mrd. kroner er løyvd for 2020-2022 fordelt på satsingar i Forskingsrådet, Innovasjon Norge og Siva.
Regjeringa har etablert fleire konkrete ordningar for å legge til rette for grøn flåtefornying frå 2015, med sikte på å nå målsettinga om å halvere utsleppa frå innanriks skipsfart og fiske innan 2030. Ordningane som rettar seg spesifikt inn mot grøn skipsfart er Grønt skipsfartsprogram, som er eit offentleg-privat partnarskap som jobbar for grøn flåtefornying i nærskipsfarten, hurtigbåtordninga i Miljødirektoratet (tidlegare del av Klimasats) som støttar fylkeskommunar i prosjekt om nullutsleppshurtigbåtar, ei kondemneringsordning for skip i nærskipsfart og ei låneordning for grøn flåtefornying for skip og fiskefartøy i nærskipsfart. Skipsfarten kan og nytta seg av dei generelle ordningane for grøn omstilling, eksempelvis Enova.
Nysnø Klimainvesteringer AS investerer kapital, saman med andre investorar, for å kommersialisere teknologi som reduserer klimagassutslepp. Selskapet vart etablert i 2017. Nysnø er fått ein bevilling på totalt 2 425 mill. kroner, kor 700 mill. kroner i statsbudsjettet for 2021.

Regjeringa har gitt tilgang til ordningar i EU

I tillegg til ordningar for miljøteknologi i det norske verkemiddelapparatet, har norske verksemder tilgang til ordningar i EU, slik som EUs forskingsprogram Horisont 2020 (for perioden 2014 – 2020) og EUs forskingsprogram Horisont Europa (for perioden 2021 – 2027). Minst 35 prosent av totalbudsjettet til både Horisont 2020 og Horisont Europa skal gå til klimarelatert forsking og innovasjon.
Norske verksemder har også rett til å nytte EUs innovasjonsfond, som er ei ordning som kan gje støtte til demonstrasjon av innovative teknologiprosjekt for lågutsleppsløysingar for perioden 2021 – 2030. Enova har eit særskilt ansvar for å følje opp norske søkjarar til Innovasjonsfondet. Enova forvaltar Noregs deltaking i EUs innovasjonsfond. Innovasjonsfondet skal over ti år tildele anslagsvis 10 mrd. euro til teknologi innan fornybar energi, energiintensiv industri, energilagring og CO2-fangst og -lagring.
Noreg har og knytta seg til et "Important Project of Common European Interest (IPCEI) på hydrogen.
Regjeringa har også vidareført og styrka satsing på særlege teknologiar.
Arbeid med fangst og lagring av CO2 har vore prioritert i klimapolitikken frå fleire regjeringar. Forskingsprogrammet CLIMIT ble etablert i 2005. Testsenteret på Mongstad (TCM) ble etablert i 2012. Sidan 2013 har denne regjeringa arbeidet med å realisere ambisjonen om å fange, transportere og lagre CO2 i Noreg. I statsbudsjettet for 2021 vedtok Stortinget å støtte "Langskip-prosjektet", det norske prosjektet for fangst og lagring av CO2. Dette er det største klimaprosjektet i norsk industri nokosinne. Totalt er kostnadene anslått til 25,1 milliardar kroner for prosjektet kor staten vil støtte med 16,8 milliardar. Det er løyva omtrent 2,7 milliardar kronar til CO2-handtering i 2021-budsjettet, kor omtrent 2,3 milliardar er løyva til Langskip-prosjektet.
Satsing på hydrogen skjer gjennom det ordinære verkemiddelapparatet, og gjennom nokon øyremerka satsingar, og er styrka dei siste åra. Sidan sommaren 2020 har Enova tildelt meir enn 350 millionar kroner til forskjellige hydrogenprosjekt. Våren 2020 løyvde regjeringa 120 mill. kroner til innovasjonsprosjekt i regi av Forskningsrådet der hydrogen har ein sentral plass. I statsbudsjettet 2021 følger regjeringa opp hydrogenstrategien og har løyva 100 mill. kroner til ei forsterka hydrogensatsing. Satsinga skal ha særleg vekt på å støtte utvikling og etablering av infrastruktur og ei marknad for hydrogen.
Det norske verkemiddelapparatet støttar satsing på utvikling av vindkraft til havs. Noregs forskingsråd har i perioden 2009–2019 tildelt over 500 mill. kroner til forsking på havvind. Desse midlane har utløyst om lag 400 mill. kroner i finansiering frå næringslivet. I samband med Grøn omstillingspakke blei FoU innanfor fornybar energi styrkt, jf. Prop. 127 S (2019–2020) og Innst. 360 S (2019–2020). Det blei mellom anna løyvd 15 mill. kroner til eit nytt forskingssenter for miljøvennleg teknologi (FME), med vekt på vindkraft til havs. Det siste året har GIEK stilt til rådigheit over 4 mrd. kroner til finansieringa av leveransar frå Aibel, Fred Olsen Windcarriers og Nexans Norway til ulike havvindprosjekt. Hywind Demo og Hywind Tampen har fått støtte frå Enova, med høvesvis 59 mill. kroner og 2,3 mrd. kroner. Enova gir også forprosjektstøtte i ein tidlegare fase, mellom anna til flytande vindkraft.
I løpet av perioden for denne regjeringa har verkemiddelapparatet gjort strukturelle endringar i fleire av sine ordningar, ved at nokre ordningar er slått saman i større program og nokon ordningar har endra innretning. Eit døme er bioøkonomiordninga til Innovasjon Norge, der fleire ordningar slått saman og fått ein felles overbygnad.