Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1939 (2020-2021)
Innlevert: 16.04.2021
Sendt: 16.04.2021
Besvart: 26.04.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Det er oppdaget alvorlige regnefeil i det norske klimaregnskapet. Utslippene av klimagasser fra Norge kan ha vært betydelig høyere i 2019 og endel år før, enn det som så langt er rapportert. Dette får konsekvenser både for klimamålene for 2020 2030, dersom det ikke settes i verk flere tiltak for å kutte utslippene.
Hvilke konsekvenser har regnefeilen for oppnåelsen av våre klimamål og vil regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, legge fram forslag til nye utslippskutt, for å sørge for at Norge når sine klimamål?

Begrunnelse

I følge SSB kan utslippene fra bruk av marine gassoljer og autodiesel være så mye som i underkant av 1,8 millioner tonn høyere enn rapportert i 2019. Noe av dette ble brukt i utenriks skipsfart. Grove anslag fra Cicero viser at de nasjonale utslippene kan ha vært 1 million tonn høyere i 2019 enn det SSB rapporterte. Utslippene de foregående årene, fra 2012 og framover, har også vært høyere. Utslippene for de årene klimamålene beregnes utifra, 1990 og 2005, er ikke endret. Det betyr at avstanden til klimamålene har økt og at tallgrunnlaget for regjeringens klimaplan i Klimameldingen ikke lenger er riktig. Det er avgjørende å få rettet opp i dette og satt iverk flere tiltak for å kutte utslippene slik at vi kan nå våre internasjonale forpliktelser.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Norske klimamål for 2030 ligg fast. Regjeringa har ein ambisiøs klimapolitikk, med sterk verkemiddelbruk.

Eg er oppteken av at vi har eit så korrekt bilete av norske utslepp som mogleg. Det er viktig at SSB jobbar med å forbetre talgrunnlaget som dei baserer utsleppsstatistikken på. Det er naturleg at forbetringar i talgrunnlaget vil ha effekt på utsleppa.

Utsleppstatistikken vil bli påverka av justeringa i tala for sal av marine gassoljer, autodiesel og anleggsdiesel. Men førebels er det vanskeleg å seie kva denne justeringa vil bety for den norske utsleppsrekneskapen. Dette fordi det me ikkje veit kor stor del av salet av marine gassoljar som har gått til utanriks fart og kva som har gått til innanriks fart. Det vil først bli klart når Statistisk sentralbyrå publiserer førebelse utsleppstal for 2020 8. juni. Dette skjer altså etter framlegginga av revidert nasjonalbudsjett. I klimaplanen overoppfyller vi forpliktinga, vi tek samstundes høgde for at politikken må kunne justerast undervegs og ved behov om vi ikkje ligg an til å nå måla. Regjeringa vil i dei årlege klimalovrapporteringane gjere greie for gjennomføringa av klimaplanen og framdrift mot klimamålet.

Det at utsleppa frå skipsfarten no ligg an til å vere høgare enn vi har trudd understrekar viktigheita av regjeringa si sterke satsing på grøn skipsfart. Det er SSB som er ansvarleg for energirekneskapen og utsleppstala som føl av dette. Spørsmålet om avvik mellom salstal og skipsaktiviteten i og rundt norske farvatn (som indikert ved AIS-data og data frå NOx-fondet) har vore tema i ulike oppdrag KLD har gitt Miljødirektoratet, og som Miljødirektoratet har samarbeida med SSB om å svare på. Regjeringa peika sjølv på utfordringa knytt til talgrunnlaget for utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske i Handlingsplanen for grøn skipsfart frå 2019. Dette var òg bakgrunnen for at analysane som ligg til grunn for vurderingane som er gjort i Klimakur 2030 var basert på ein kombinasjon av data frå SSB sin utsleppsrekneskap og AIS-data.

Grøn skipsfart er eit prioritert innsatsområde for regjeringa. Vi har satsa målretta innan forskjellege fartøysegment for å legge til rette for ei innfasing av låg- og nullutsleppsløysingar. Det har tatt oss frå 1 batterielektrisk bilferje i 2015 til over 70 ferjer med batteri installert på vatnet i dag. Suksessfaktoren for utviklinga i ferjesektoren har vore kravstilling frå statlege og fylkeskommunale innkjøparar i kombinasjon med gode støtteordningar som Enova, NOx-fondet og Klimasats. Innan andre fartøysegment har ikkje utviklinga kome like langt enno, men vi har døme på bruk av låg- og nullutsleppsteknologi både innan offshorefartøy, fiskefartøy, fritidsfartøy og hurtigbåtar, og vi ser konkrete låg- og nullutsleppsprosjekt innan lastefartøysegmentet. Satsinga på teknologiutvikling og modning av prosjekt gjennom verkemiddelapparatet gjev resultat.

Innfasing av alternative nullutsleppsdrivstoff er ein føresetnad for å nå ambisjonen om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. Gjennom Grønt skipsfartsprogram modnast prosjekt for alternative drivstoff i lastefartøysegmentet fram. Programmet, som er eit offentleg-privat partnarskap, koplar vareeigarar, reiarlag og verkemiddelapparatet, og har blant anna resultert i Felleskjøpet og HeildebergCement sitt prosjekt om anskaffing av nullutsleppsbulkskip, og eit tilsvarande prosjekt hos Veidekke. I 2020 oppretta regjeringa og ei kondemneringsordning for skip i nærskipsfart og ei låneordning for skip og fiskefartøy i nærskipsfart som òg bidreg til ei grøn flåtefornying. Enova har også monaleg satsing på maritim sektor. I 2020 gav dei til dømes til saman 440 millionar kroner i støtte til 74 fartøy med batteri, og har totalt gitt over 700 millionar kroner til om lag 100 landstraumprosjekt.

Gjennom avgiftsfritak og stønad frå Enova jobbar staten for å auke innfasinga av nullutsleppskøyretøy i alle køyretøysegment. For personbilar er omstillinga godt i gang. I fjor var delen elbilar av nybilsalet i personbilsegmentet på over 50 %. Delen elvarebilar er lågare, men også her ser vi at omstillinga er i gang, og vi reknar med at utskiftinga vil gå raskare i denne køyretøygruppa på grunn av at køyretøya vert bytta ut hyppigare. For tyngre næringstransport går utviklinga seinare, men vil truleg skyte fart det neste tiåret. Regjeringa vil leggje til rette for at det blir lønsamt og attraktivt å frakte gods med utsleppsfrie lastebilar. Enova tilbyr også støtte til kjøp av tunge elektriske køyretøy som til dømes elektrisk lastebil eller turbuss.