Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2853 (2020-2021)
Innlevert: 22.08.2021
Sendt: 23.08.2021
Besvart: 30.08.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kor mykje har staten brukt på planlegging dei siste 8 år av vegstrekningen og kor mange år forsinkelse vil det bli om Senterpartiet skulle vinne fram med sitt syn?

Begrunnelse

I valgkampen snakker nå Senterpartiet om at dei vil ha omkamp på trasévalget for E39 Hordfast. Eg er uroa over dette og vil gjerne ha svar på kor mykje som er brukt på planlegging av ein veg Senterpartiet ikkje vil ha, samt eit estimat på kva ein slik omkamp vil utsette prosjektet med.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Statens vegvesen opplyser at det pr. 23.08.21 er brukt til saman 1.072 mill. 2021-kr inkl. mva. til det planarbeidet som så langt er gjort i prosjektet E39 Stord – Os, Ådland – Svegatjørn (Hordfast). Frå oppdraget om å starte utgreiing vart gitt, til kommunedelplanen for midtre linje vart godkjend, gjekk det nærare seks år.

Eg vil syne til at det er eit omfattande arbeid å lage ein kommunedelplan med konsekvensutgreiing for fleire alternativ, slik som i denne saka. Sunnhordland er eit område rikt på natur- og kulturverdiar.

Dersom ein skal gjere tilsvarande planarbeid og optimalisering for ei indre linje om Fusa, må ein etter Statens vegvesens vurdering rekne med om lag tre - fem år ekstra planleggingstid.