Frank Edvard Sve (FrP): Når har Regjeringa tenkt å instruere Statnett til å setje i gang omfattande utbygging av linjenettet mellom NO3 og sørover?
Begrunnelse
Den siste tida har kraftprisane her i landet gått til himmels, og vi ser no eit prisnivå spesielt i NO1, No2 og No5 som er 4-5-6 gongar høgare enn normalt.
Folk flest i dei folkerike områda på Aust-, Vest- og Sørlandet får straumutgifter som mange naturlegvis har problemer med å betale, når normal straumrekning på til dømes 2 000 kr. pr. mnd. blir til 10-12 000 kr. pr. mnd.
Det blir hevda at mykje av årsaken til at ein ser prisar på 15-20 øre i NO3 og nordover, medan prisane lenger sør er 4-5-6 gongar så høge, er manglande linjekapasitet for å kunne frakte strøm frå NO4/ NO3 til NO1,NO2 og NO5.
i 2016 vart ny 420 kv-linje mellom Ørskog og Fardal bygd, men der oppgradering frå 300 til 420 kv-linje vidare manglar mellom Sogndal og Aurland. Ei slik oppgradering hastar svært mykje, og ville etter utbygging kunne jamna ut straumprisane i landet.