Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:667 (2021-2022)
Innlevert: 13.12.2021
Sendt: 14.12.2021
Besvart: 17.12.2021 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil statsråden bidra til rask avklaring av at personar som er i gang med sjukepleiarutdanning som eit «omskoleringstiltak» etter korona og delfinansiert med dagpengar, får halde fram og sluttføre sjukepleiarstudiet utan avbrot etter same finansieringsmodell, også etter 31.12.2021?

Begrunnelse

Det er prekær mangel på sjukepleiarar i Noreg.
Elin Tvedt frå Ølen byrja på sjukepleiarstudiet i 2020 etter å bli «korona-oppsagt» i sin tidlegare jobb. Tvedt søkte om dagpengar i april 2020, for å kombinere utdanning med dagpengar slik det har vore opna for i korona-perioden, og søkte seg parallelt inn på sjukepleiarstudiet med oppstart i august 2020.
Regelverket seier at dersom ein skal kombinere dagpengar med utdanning, kan ein tidlegast starte utdanninga 12 veker etter at NAV har ferdigbehandla søknaden om dagpengar. På grunn av lang sakshandsamingstid i NAV fekk ikkje Tvedt innvilga dagpengar frå NAV før 7. juli 2020.
På grunn av den ekstraordinære situasjonen under korona-epidemien, har NAV likevel opna for at Tvedt og andre i hennar situasjon kan kombinere dagpengar med utdanning som ei midlertidig ordning i 2020/21. Tvedt er dermed no komen halvanna år ut i sjukepleiarstudiet.
No har imidlertid NAV gitt melding om at denne ordninga vil ta slutt sjølv om Tvedt er midt i studieløpet. Ho vil frå 1.1.2022 ikkje få dagpengar under utdanning fordi det gjekk mindre enn 12 veker frå ho fekk innvilga dagpengar i juli 2020 til ho starta på utdanning i august 2020.
Ho har fått melding om at det er mulig å klage på vedtaket, men at sakshandsamingstida for ein klage er anslått til 34 veker (!).
Ut frå dette er Tvedt mest truleg nødt til å avslutte sjukepleiarstudiet frå årsskiftet 2021/22, og så søke om dagpengar på nytt – noko ho då vil få innvilga med ein lågare sats enn før – men ikkje i kombinasjon med utdanning.
For både Tvedt og samfunnet framstår dette som fullstendig meiningslaust. Eg vil be Statsråden rydde øyeblikkeleg opp i saka, slik at Tvedt og andre i hennar situasjon framleis kan kombinerer dagpengar med utdanning også etter 31.12.2021.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Nytt varig regelverk om høvet til å ta utdanning med dagpengar vart satt i kraft 1. oktober 2021. Etter dei nye reglane er det eit krav at dagpengesøkjaren søkjer arbeid i tolv veker rekna frå datoen dagpengar vart innvilga, før utdanninga kan ta til. Samstundes vart det gitt overgangsreglar for dagpengemottakarar som hadde nytte høvet til å ta opplæring eller utdanning i dagpengeperioden etter den mellombelse ordninga som gjaldt fram til 30. september 2021. Ordninga vart innført under covid-19-pandemien på grunn av stor arbeidsløyse og mange permitteringar. Etter denne ordninga kunne ein ta valfri utdanning på inntil fulltid i dagpengeperioden, utan å måtte fremje søknad om dette til Arbeids- og velferdsetaten.
Av overgangsreglane går det fram at ein dagpengesøkjar som har teke utdanning etter den mellombelse ordninga, kan halde fram med utdanninga på dei same vilkåra til og med 31. desember 2021. Frå 1. januar 2022 kan ho eller han søkje Arbeids- og velferdsetaten om å fortsette utdanninga etter dei nye reglane. Dagpengesøkjaren må då oppfylle vilkåra i det nye regelverket, men overgangsreglane er tydelege på at kravet til tolv vekers arbeidssøkjarperiode og krav til alder ikkje gjeld i slike tilfelle. Det skal altså ikkje stillast krav om at desse dagpengemottakarane må avbryte utdanninga for å søke arbeid i tolv veker før dei kan ta til med utdanninga.
Når det gjeld den konkrete saka du nemner, har Arbeids- og velferdsetaten gjeve uttrykk for at etaten har gjort ein feil som dei beklagar, og at etaten vil ta lærdom av saka.