Ingrid Fiskaa (SV): Olje- og energidepartementet overprøvde 20. desember NVEs vedtak, og vil likevel gi utsett frist for bygging av Lillesand vindkraftverk. OED viser i sitt vedtak til energi- og miljøkomiteens innstilling til statsbudsjettet 2021. Komiteens fleirtal presiserer der at dei ikkje har som intensjon å stoppa vindkraftanlegget som er sterkt ønska av vertskommunen.
Meiner statsråden at Lillesand vindkraftverk er sterkt ønska av vertskommunen, og at OEDs vedtak om fristforlenging dermed er i tråd med Stortingets vedtak og intensjonar?
Begrunnelse
Lillesand bystyre vedtok 16. juni 2021 med stort fleirtal (23 mot 4 stemmer) å seia nei til Lillesand vindkraftverk. Statsforvaltaren har nyleg oppheva dette vedtaket, og lar dermed eit dispensasjonsvedtak i kommunens planutval frå 2019 bli ståande som det einaste gyldige vedtaket i saka. Dei folkevalde i planutvalet vart på det tidspunktet fortalt av kommuneadministrasjonen at dei ikkje hadde høve til å seia nei til dispensasjon, fordi konsesjon var gitt etter energilova og ikkje plan- og bygningslova. Denne påstanden vart gjentatt av rådmannen også i 2020.
Eit sterkt engasjement blant innbyggarane, gjort synleg mellom anna gjennom ein underskriftskampanje og eit innbyggarforslag, gjorde likevel at bystyret tok opp igjen saka i desember 2020. Saka vart opplyst og drøfta på ny av bystyret to gonger før avgjerda i juni 2021. Vedtaket var altså eit klart nei til vindkraftanlegget.
OED viser til Stortinget to gonger i sitt vedtak om å likevel gi utsett frist til 31.12.2022. Den første er Stortingets vedtak 19. juni 2020, der Stortinget ber regjeringa om å ikkje gi forlenga frist for idriftsetting utover 31.12.2021 for vindkraftverk på land som har ein gyldig konsesjon.
Den andre er energi- og miljøkomiteens innstilling til statsbudsjettet 2021. Komiteens fleirtal presiserer der at dei ikkje har som intensjon å stoppa vindkraftanlegget som er sterkt ønska av vertskommunen, og der forseinkinga skuldast forhold utanfor konsesjonærens kontroll. OED bygger vedtaket sitt på den siste leddsetninga i komiteens innstilling, men kommenterer ikkje spørsmålet om vindkraftverket er ønska av kommunen eller ikkje. Det er her verdt å merka seg at det står «og» og ikkje «eller» i komiteens merknad, noko som bør forståast som at begge vilkåra må vera til stades.
Etter at Statsforvaltaren oppheva bystyrets vedtak i saka, gjenstår altså eit vedtak frå planutvalet som bygde på feil informasjon gitt til dei folkevalde. Det vil derfor vera interessant å få statsrådens vurdering av om Lillesand vindkraftverk er sterkt ønska av vertskommunen slik at Stortingets vedtak og intensjon kan seiast å vera oppfylt.