Liv Kari Eskeland (H): Kva tiltak vil statsråden sette inn for å bidra til å redusere køane drosjenæringa no opplever med å få gjennomført praktiske prøver ein treng for å få kjøreseddel?
Begrunnelse
Drosjeførarprøva vart innført i andre halvår 2020. Den teoretiske prøva kan takast på alle trafikkstasjonar der Statens vegvesen tilbyr teoriprøvar. Den praktiske prøva krev meir ressursar, og skulle i startfasa tilbys på 19 stader spredt over heile landet. Det er utdanna sensorpersonell som gjennomfører prøva på desse stadane. Drosjenæringa opplever at det er lange køar for å få avvikla praktiske prøvar hjå SVV for å få kjøreseddel slik at ein vert godkjend som drosjesjåfør. Det er klart eit kapasitetsproblem hjå etaten for å få utført desse testane, samt at det er få stasjonar som tilbyr slike tenester. I tillegg vert handsamingstida forlenga ved at ein ikkje kan søkje om politiattest før etter at praktisk prøve er avholdt og godkjend.
Eit meir fleksibelt system for gjennomføring av denne prosessen bør vurderast for å få fortgang i å godkjenne fleire sjåførar ettersom ein no opplever sjåførmangel. Ein kan til dømes vurdere midlertidige endringar i sensorforskrifta av 2011, slik at ein kan gjera seg nytte av personell ut over eigen organisasjon på trafikkstasjonane, samt å opne opp for at politiattest kan søkjast om når ein startar den teoretiske opplæringa for å få kjøreseddel.