Liv Kari Eskeland (H): Korleis vil statsråden sikre at inspeksjonsprogramma for tunnelar - spesielt på vestlandet – vert fulgt opp?
Begrunnelse
Vegtilsynet har avdekka manglande inspeksjon av vegtunellar, dette har spesielt gått ut over tunellane på vestlandet som har om lag halvparten av landets tunellar.
I Nasjonal vegdatabank (NVDB) er det registrert 109 steinnedfall frå tak og veggar i riksvegstunneler dei siste åra. Det er difor viktig å vite tilstanden til desse tunellane slik at ein kan hidre slike steinnedfall som kan forårsake større ulykker.
Er det kartlagt kva årsaken til den manglande inspeksjonen er, og korleis vil statsråden syte for at intensjonen i inspeksjonsprogramma vert fulgt opp.