Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1256 (2021-2022)
Innlevert: 13.02.2022
Sendt: 14.02.2022
Besvart: 23.02.2022 av kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Folk i bygda Kråkenes i Nordfjord (Vestland fylke) har i mange år arbeidd for å få skikkeleg mobildekning i bygda, i samband med varsla bortfall av fasttelefoni over koparnettet.
Kva vil Regjeringa gjere for at bebuarane i Kråkenes og andre bygder i tilsvarande situasjon snarast råd får mobildekning med minst tilsvarande kvalitet som fasttelefon?

Begrunnelse

Regjeringa skriv i Hurdalsplattformen at ein vil «Satse på en kraftig forbedring av mobildekningen i hele landet» og «Sørge for at ingen mister fasttelefonen før de har mobildekning eller andre telefonløsninger med minst like god dekning som fasttelefon.»
Kråkenes ytst i Nordfjord (nord-delen av Kinn kommune, tidl. Vågsøy kommune), er ei av bygdene som i mange år har engasjert seg for å få på plass skikkeleg mobildekning i bygda. Dei har tatt opp saka med Telenor anten direkte eller via kommunen tallause gonger, utan å kome vidare. Dei har fleire gonger fått utsett nedstenging av koparnettet på grunn av manglande alternativ for telefoni – men har no nyleg fått ei «endeleg melding» om at noverande feil på koparnettet ikkje blir retta.
Mobildekninga i Kråkenes er dårleg og ustabil, og bygda har ved gjentatte høve vore utan mobildekning i dagevis. Telenor er klar over problemet, som heng saman med at signala kjem frå ein sendar langt unna (Kjerringa på Stadlandet) og må krysse eit langt havstykke for å nå Kråkenes – noko som gir svake og ustabile signal.
Bygda ligg i eit område med mykje røft veir, og stor tilstrøyming av turistar i alle veir-forhold («storm-turisme», Kråkenes fyr). Beredskapssituasjonen når ein frå no av verken har fasttelefoni eller stabil mobiltelefoni i området, er ut frå dette under ein kvar kritikk.
Eg vil ut frå dette på det sterkaste be Kommunal- og distriktsministeren om å gå i dialog med Telenor for å finne ei løysing som sikrar mobildekning og ein trygg kvardag for folk i Kråkenes-bygda, og å sikre at formuleringa i Hurdals-erklæringa om å «Sørge for at ingen mister fasttelefonen før de har mobildekning eller andre telefonløsninger med minst like god dekning som fasttelefon» blir følgd opp.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Spørsmålet som representanten Alfred Jens Bjørlo stiller om tilgang til telefonteneste og breiband, er særs viktig for privatpersonar og næringsliv. Regjeringa har som mål at det skal være mobildekning der folk bur, jobbar og ferdes, og der næringsliv, frivillig og offentleg sektor driv verksemd. Til dømes arbeider vi no med å sjå på dekningsforholda langs riksvegar.
Telenor kunngjorde i 2019 at selskapet ville legge ned det gamle koparnettet som ein del av eit moderniseringsprosjekt. Fleire tenester, blant anna den tradisjonelle fasttelefontenesta, skal leverast over alternativ teknologi som fibernett, mobilnett og andre plattformer.
Betydninga av mobildekning må difor sjåast i samanheng med denne avgjerda, men og i lys av Telenor si plikt til å levere offentleg telefonteneste til bufaste og næringsdrivande i Noreg (leveringsplikta). Leveringsplikta er teknologinøytral og dermed ikkje til hinder for at Telenor kan velje å erstatte koparbasert telefoni med mobilbasert telefoni i spesifikke geografiske område. Det er ein føresetnad at dekninga på staden er god nok til at tenesta fungerer som den skal.
Samfunnet på Kråkenes på Vågsøy i Kinn kommune består av om lag elleve einebustader, to leilegheiter og seksten fritidshus. Området er også ein populær utfartsstad. Fire adresser på Kråkenes har kopartenester i dag, tre har fasttelefon, og ei har breiband (DSL).
Kundane i Kråkenes med koparbasert fasttelefon skal ha fått brev frå Telenor om sanering av kopartenesta i 2020. På grunnlag av tilbakemeldingar frå innbyggarar, samt kommunens planer om eit tilskotsprosjekt, utsette Telenor i 2021 å flytte kundar til ny teknologi inntil vidare.
Mobildekninga i området kjem frå basestasjonen «Kjerringa» ytst på Stadlandet. I følgje Telenor er dekninga på grensa til det som trengs for å tilby trådlaust breiband. Telenor har hatt ei rekke møte med kommunen sidan 2019 og meiner at det er nødvendig med offentleg tilskot for å bygge ei oppgradert fiber- eller mobilløysing, som fjernar dekningsutfordringane i området. Telenor meiner det ikkje er kommersielt grunnlag for å dekke heile utbygginga sjølv. Kommunen har no lyst ut eit prosjekt med tilskot på 700 000 kroner, med anbodsfrist
4. april. Dette vil kunne løyse dekningsutfordringane.
For telefontenesta viser Telenors målingar på dei aktuelle adressene at tenesta skal fungere med bruk av utandørs antenne. Med bakgrunn i desse målingane og erfaringar så langt med bruk av såkalla mobil heimetelefon, vurderer Telenor det slik at mobil heimetelefon til dei gjenværande tre fasttelefonbrukarane, og trådlaust breiband til den gjenværande koparbreibandskunden, vil være ei forsvarleg løysing, fram til dekninga blir betra permanent.
Eg legg til grunn at innbyggarane i Kråkenes vil nyte godt av kommunens tilskotsprosjekt, og at dette vil gi gode tenester til brukarane.