Ingrid Fiskaa (SV): Vil regjeringa oppretthalda Solbergregjeringa si avgjerd om å privatisera drift, vedlikehald og utvikling av store delar av IKT-systema i Forsvaret?
Begrunnelse
I januar 2021 offentleggjorde Forsvarsmateriell (FMA) konkurransen om anskaffing av strategisk partnar innan IKT-leveransar. Dette er ein anskaffingsmåte der leverandørane er med på å avgjera kva for tenester og varer sektoren skal kjøpa.
Det framgår av konkurransegrunnlaget og den påfølgande dialogen med dei nå tre førehandskvalifiserte leverandørane at forsvarssektoren er i ferd med å inngå ein avtale med eit privat selskap for å drifta, vedlikehalda og utvikla IKT-plattformar for alle relevante formål i Forsvaret, inkludert kommando og kontroll, forvalting, logistikk, kontorstøtte, samhandling og digitalisering.
Programmet blir omtalt som Militær anvendelse av skytjenester (MAST), men omfattar langt meir enn innkjøp av ein plattform for Forsvarets system. Det skal bli inngått ein avtale med ein strategisk partnar som skal vera ein integrert del av Forsvarets verksemd. Den strategiske partnaren er planlagt å vera ein rådgivar og bidragsytar i militære øvingar og operasjonar i heile krisespekteret.
Det blir berre unntaksvis stilt krav om at tilsette hos den strategiske partnaren og underleverandørar skal vera norske statsborgarar, som er sikkerheitsklarerte og lokalisert i Noreg. Det blir lagt opp til at over 600 årsverk skal bli overdratt frå forsvarssektoren til ein privat aktør.