Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1517 (2021-2022)
Innlevert: 09.03.2022
Sendt: 09.03.2022
Besvart: 16.03.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva konkrete støtteordningar for næringslivet vil regjeringa få på plass raskt for å sikre overkomelege straumprisar og føreseielege rammevilkår for små og mellomstore bedrifter med høgt straumforbruk, i lys av dei rekordhøge straumprisane dei no opplever?

Begrunnelse

I spørjetimen 9. februar sa Næringsministeren at regjeringa endå ikkje hadde tatt ei avgjerd på om næringslivet skal kompenserast for dei høge straumprisane, og at situasjonen blir fulgt tett av regjeringa.
Siden den tid har krigen brote ut i Ukraina, EU har lagt fram ein plan på korleis Europa skal redusere sin avhengigheit til russisk gass, og USA har innført eit importforbod mot russisk olje. Som konsekvens har straumprisen nådd ekstraordinære høgder, og næringslivet må førebu seg på langt høgare prisar enn i ein normalsituasjon. Det er også all grunn til å tro at situasjonen vil vare over tid. Mange små- og mellomstore slit i tillegg med svak likviditet i etterkant av pandemien, har eit krevjande lønsoppgjer rett rundt hjørnet og er difor meir avhengig enn nokon gong av konkrete signal om dei vil bli kompensert for dei rekordhøge straumprisane – slik vi allereie har fått på plass for m a privathushaldningar, landbruket og frivillige organisasjonar.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Dei siste månadene har straumprisane vore klart høgare enn gjennomsnittet for siste tiår. Dette rører ved dei aller fleste straumkundar, òg i næringslivet. Fleire faktorar gjer at utviklinga i straummarknaden og andre energimarknader er ekstraordinær, og at straumprisane dermed held seg høge og uføreseielege.
Når det gjeld spørsmålet om næringslivet skal kompenserast for dei høge straumprisane og eventuelt i kva grad, byggjer dette på ei brei vurdering der mange omsyn er relevante. Mellom anna må vi heile tida vurdere grensene mellom bedriftene og staten sitt ansvar. Vi skal vere varsame med å ta grep som flytter ansvaret for å drive for eiga rekning og risiko frå bedriftene til skattebetalarane. Nokre bedrifter har valt fastprisavtaler på straum. Dei har dermed akseptert å betale meir for straumen i periodar der spotprisen er lav, som i 2019 og 2020, mot å få fordelen av å vera forsikra mot prisauke i framtida. Dette var ein mogelegheit alle bedrifter hadde, men som mange valde å ikkje nytte seg av.
Næringslivet er van til å handtere svingingar i prisen på ei rekke ulike faktorar, som råvarer, drivstoff, fraktratar og valuta. Bedrifter har òg generelt større mogelegheit til å tilpasse seg midlertidige kostnadsauke enn private hushald. Eg minner om at det er regjeringa sitt ansvar å sørgje for at fellesskapet sine middel vert nytta på ein mest mogeleg effektiv og rettferdig måte, slik at samfunnet får mest mogeleg igjen.
I vinter har Stortinget slutta seg til støtteordningar på til saman over 20 mrd. kroner, for å hjelpe næringslivet ut av pandemien. Regjeringa viste klart og tydeleg at vi stiller opp for bedrifter som vert ramma av omfattande inntektssvikt.
Det er ifølge SSB om lag 164 000 små og mellomstore bedrifter med tilsette i kommunar med høg kraftpris. Venstre har tidlegare i vinter foreslått for Stortinget å setje av 1 mrd. kroner til ein straumstøtteordning for denne gruppa, som bedriftene skal søke kommunen om. Avhengig av modell og fordelingsnøkkel gjev dette kanskje ein tusenlapp eller to til kvar bedrift i nokre månader, og enormt mykje byråkrati for norske kommunar. Dersom Venstre verkeleg vil hjelpe små og mellomstore bedrifter med straumrekninga, må det leggast mange fleire milliardar i potten, det er store summar vi snakkar om.
På noverande tidspunkt er situasjonen i den norske og europeiske kraftmarknaden som sagt svært uføreseieleg. Regjeringa vurderer difor at alle alternativ fortsett bør haldast opne. Vi kan per i dag ikkje avvise at det kan bli aktuelt å ta nye grep knytta til straumprisane. Eg kan forsikre representanten at vi vil halde Stortinget oppdatert om regjeringas politikk på området, og at vi vil presentere eventuelle nye ordningar knytta til straumprisane på ein ordna måte, etter gjeldande retningsliner.