Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1976 (2021-2022)
Innlevert: 04.05.2022
Sendt: 04.05.2022
Besvart: 11.05.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren legge fram detaljert berekningsgrunnlag for kostnadane i kring Møreaksen trinn 1, gjeldande spesielt for entrepriser for alt av byggjematerialer, spesielt stål, betong, sprengstoff, bygg og annlegssektoren samt transportsektoren generelt som økonomisk vurderingsgrunnlag for dette gedigne prosjektet til mange titals milliard kroner?

Begrunnelse

Statens vegvesen legg no fram til behandling bompengeproposisjon for ferjefri E-39 prosjektet Møreaksen del 1. I saka som er sendt til behandling i kommunane og i fylket er det lagt til grunn eit kostnadsestimat på 18,7 milliard kr, noko som er 1 milliard kr høgare enn tidligare annslag. Dette er begrunna i auka "marknadsrisisko" etter blant anna pandemi og krig.
Prosjektet har med andre ord ikkje overhode teke inn over seg eller berekna inn den ekstreme faktiske kostnadsveksten ein ser med bakgrunn i skyhøge stål, betong, sprengstogg, alt av byggjemateriale, transport og gjeldande for bygg og annlegsbransjen generelt. Det blir no hevda at prissveksten berre innan transport er på 11 %, og for stål så mykje som 50-70 %, dersom ein i det heile tatt får fatt i dette.
Statens vegvesen legg altså fram bompengeproposisjon og sak til behandling i kommunar og fylke, utan at KS2 er gjennomført, og kvalitetsikra ang kostnadar, gjennomføring og prosjektering. Mykje tyder på at dette er kun for å "maskere" dei faktiske forholda i saka, der dette prosjektet raskt kjem til å måtte bli bortimot dobla kostnadsmessig før ein eventuell byggjestart. Såleis må også ein eventuell bompengeproposisjon ta inn over seg dei faktiske forholda ang. reell prisvekst, og ikkje berre "marknadsrisiko". Her snakkar ein ikkje om marknadsrisiko men det faktum at absolutt alt av byggjematerialer til samferdsel vil bli betydeleg høgare framover.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg legg til grunn for mitt svar at representanten med «Møreaksen trinn 1» syner til det framlagde forslaget frå Statens vegvesen for eit bompengeopplegg for «E39 Ålesund-Molde, trinn 1 Vik-Molde».
Statens vegvesen har i samband med framlegginga av forslag til bompengeopplegg utarbeida ei oppdatert usikkerheitsvurdering av kostnaden for trinn 1 Vik-Molde, noko som har resultert i ein kostnadsauke på om lag 1 milliard kroner. Kostnadsauken er hovudsakeleg knytt til usikkerheit i bygge- og anleggsmarknaden medrekna usikkerheit knytta til materialkostnadar. Å gjere ei usikkerheitsvurdering av kostnadselementane og usikkerheitsfaktorane som påverkar prosjektet, er den metoden Statens vegvesen nytter seg av ved utarbeiding av kostnadsoverslag.
Den eksterne kvalitetssikringa (KS2) av statlege investeringsprosjekt over 1 milliard kroner skal vurdere om prosjektet kan gjennomførast innanfor dei økonomiske rammene og andre føringar som er lagt for det aktuelle prosjektet. Bompengeopplegget vil vere ei føring som er viktig for finansieringa. Tidspunkt for KS2 av bompengeprosjekt inntreff vanlegvis etter at bompengeopplegget har vore til lokalpolitisk behandling og før Stortinget behandlar bompengeproposisjonen. For å opprettehalde ein god framdrift i prosjektet, er det i dette prosjektet avklåra å sette i gang KS2 før lokalpolitisk behandling av bompengeopplegget, med forutsetning om at vedtaka føreligg i løpet av sommaren, det vil seie heilt i oppstartsfasen av KS2.
Statens vegvesen har gjennomført grundig planlegging og berekna kostnadane i tråd med dei retningslinjene som føreligg for slike prosjekt. Dei kostnadene som er synleggjort i den dokumentasjonen som er oversendt Samferdselsdepartementet som grunnlag for KS2-prosessen, er basert på dei prisane ein kjenner i dag og ei fagleg vurdering av prisutviklinga framover så langt det let seg gjera. Ein er på det reine med den usikkerheita som ligg føre no, med risiko for prisauke på ei rekke innsatsfaktorar. Det er grunnen til at avsetninga til å ta omsyn til denne usikkerheita er auka.
Statens vegvesen fylgjer dei statlege retningslinjene for KS2-prosessen som tilseier at det gjennomførast ein felles prosess for kvalitetssikring av styringsgrunnlaget med kostnadsoverslag og bompengegrunnlaget. I og med at dette prosjektet også omfattar eit delprosjekt på fv. 662, er det avklart med Møre og Romsdal fylkeskommune at også fylkesvegdelen tas inn i KS2-prosessen som er gjort rede for ovanfor.