Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2008 (2021-2022)
Innlevert: 08.05.2022
Sendt: 09.05.2022
Besvart: 19.05.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): I kva grad legg statlege innkjøpsavtaler og innkjøpsregelverk til rette for gjenbruk av møblar som alternativ til å kjøpe nye møblar i statlege nybygg og rehabiliteringsprosjekt, og kan det ev. gjerast endringar i statleg regelverk/innkjøpsrutiner for å legge til rette for meir gjenbruk av møblar/oppgradering av eksisterande møblar som alternativ til å kjøpe nye?

Begrunnelse

Overgangen frå vår tradisjonelle «bruk og kast»-økonomi til ein sirkulærøkonomi som systematisk legg opp til resirkulering, gjenbruk og å ta vare på ressursane, er kompleks og berører mange område. Eitt av områda der vi veit det er stort potensiale for å auke gjenbruksgraden og levetida på produkt, er møblar.
Når ein t.d. gjennomfører eit stort statleg nybyggprosjekt eller rehabiliteringsprosjekt av bygg, er det vanleg å inngå kontrakter der det blir lagt opp til kjøp av nye møblar frå den leverandøren som vinn eit anbud på innkjøp av møblar. Dette som alternativ til ein modell der ein t.d. systematisk ser på moglegheitene til å gjenbruke eksisterande møblar, evt. oppgraderer desse med nye møbeltrekk, nødvendige reparasjonar etc. – eller kjøper inn brukte møblar i god stand.
Dersom ein ønskjer å få ein overgang til meir gjenbruk av møblar også i statlege byggeprosjekt, er det viktig å vite om dette er mulig og enkelt innanfor dagens regelverk for offentlege innkjøp, eller kva endringar som må til i regelverk og retningsliner for å få i gang ein slik overgang til meir gjenbruk av møblar framfor innkjøp av nye som standardløysing.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Denne regjeringa vil føre ein ambisiøs og effektiv klimapolitikk i tråd med måla i Parisavtalen. Dette inneber blant anna at 55 prosent av dei norske klimagassutsleppa skal bli kutta innan 2030, målt mot 1990.
Offentleg sektor er ein stor innkjøpar. Staten, fylkeskommunar og kommunar kjøper inn varar, tenester og bygg- og anleggsarbeid for om lag 600 milliardar kroner i året. Offentleg etterspørsel etter sirkulære løysingar kan derfor bidra til å styrkje marknadene for sirkulære produkt og tenester. Såleis kan det offentlege vere ein pådrivar for nye, innovative løysingar og forretningsmodellar som styrkjer omsetninga av sekundære råvarer.
Dagens innkjøpsregelverk gir offentlege oppdragsgivarar moglegheit til å innrette innkjøpspraksisen sin slik at den minimerer miljøbelastinga og fremmer klimavennlege løysingar. Offentlege oppdragsgivarar kan stille miljøkrav og -kriterium i alle trinn av ein innkjøpsprosess, så lenge dette er relevant og krava er knytte til leveransen. Korleis dette blir operasjonalisert hos den einskilde oppdragsgivaren, anten i eit konkret innkjøp eller i ein innkjøpsstrategi, er opp til den einskilde oppdragsgivaren. Dette gjeld også moglegheitene til å fremme sirkulære løysingar i innkjøp, så som gjenbruk av møbel.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har ei dedikert rettleiing knytt til sirkulære innkjøp på nettsidene sine. Her finn offentlege oppdragsgivarar informasjon om korleis dei kan fremme sirkulære løysingar gjennom innkjøpa sine. Det er også gitt ei eiga rettleiing knytt til innkjøp av møbel for å sikre låg miljøbelasting og lang levetid. Her blir det framheva at system for vedlikehald, ombruk og oppgradering av møbel kan spare miljøet, kutte kostnader og bidra til grøne arbeidsplassar lokalt.
Eg vil også leggje til at DFØ nyleg har fått overført ytterlegare 1,5 millionar kroner til arbeidet med å følgje opp den nasjonale strategien for sirkulær økonomi. Midlane skal gå til prosjekt gjennom StartOff, altså til oppstartsselskap som utviklar løysingar innan sirkulærøkonomi. Eit viktig formål er å få fram nye sirkulære løysningar i samarbeid mellom offentlege oppdragsgivarar og den private marknaden.
Dagens regelverk og rettleiing er ikkje godt nok, og kan bli betre. Etter mi oppfatning kan reglane i enda større grad leggje til rette for og motivere offentlege oppdragsgivarar til å fremme klima- og miljøomsyn, medrekna sirkulære løysingar. Derfor vil regjeringa endre regelverk og praksis for offentlege innkjøp slik at dei støttar viktige mål, ikkje minst berekraft.
Eg vil leggje til rette for at det offentlege i større grad enn i dag fremmar klima- og miljøomsyn gjennom offentlege innkjøp, og eg har starta eit arbeid for å vurdera moglege endringar i regelverk og rettleiing, for å sikra at offentlege innkjøp best mogleg bidreg inn i det grøne skiftet.
Eg vil til slutt leggje til at Europakommisjonen har fremma forslag til ny økodesignforordning som vil innebere reglar om meir berekraftige produkt. Krava i det forslaget inneber at produkt skal bli meir haldbare og enklare å utbetre, vedlikehalde og resirkulere. Regelverket inneheld også reglar om grøne offentlege anskaffingar, og er sendt på høyring av Miljødirektoratet.