Alfred Jens Bjørlo (V): Korleis tenkjer statsråden at det politiske målet om norsk returdel på 2,8 prosent i Horisont Europa skal nåast dersom EU-støtten til instituttsektoren (RES-EU) vert kutta, og korleis vil statsråden sikre at norske forskingsinstitutt har økonomiske rammevilkår til å delta i EU-prosjekt?
Begrunnelse
I perioden 2014-2020 henta norske forskingsmiljø heim over 16 milliardar kroner frå forskingsprogrammet Horisont 2020 i EU. Det politiske målet er å gjere det endå betre i det nye programmet Horisont Europa. For institutta, som har lav grunnløyving, dekker midlane berre drøyt halvparten av kostnadene for forskingsprosjekta. Samfinansiering frå den norske staten er difor ein føresetnad for at norske institutt skal ha råd til å delta i EU-prosjekt. Utdelings-stansen i forskingsfinansiering som er foreslått i revidert nasjonalbudsjett kan ramme denne støtteordninga (RES-EU). Følgjene kan bli at norske forskingsinstitutt ikkje har råd til å delta i EU-forsking, og Noreg vil få vesentleg mindre igjen for pengane vi uansett må legge inn i forskingspotten i EU. Det politiske målet om norsk returdel på 2,8 prosent i Horisont Europa er etter alt å døme urealistisk utan sterk innsats frå institutta.