Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:2260 (2021-2022)

Innlevert: 06.06.2022
Sendt: 07.06.2022
Rette vedkommende: Fiskeri- og havministeren
Besvart: 15.06.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva konkret er det som har endra seg mellom 12. mai og 6. juni i år som gjer at regjeringa no likevel ikkje vil utsetje bygginga av Ocean Space Center, og korleis vil regjeringa finansiere det ekstra løyvingsbehovet dette utløyser i 2022 utan å auke oljepengebruken?

Begrunnelse

Regjeringa foreslo i Revidert Nasjonalbudsjett 12. mai å utsetje bygginga av Ocean Space Center i Trondheim, eitt av verdas mest avanserte anlegg for forsking og undervising knytt til havet og havnæringane. I ein pressekonferanse 6. juni varslar regjeringa at dei har endra syn i saka, og no vil bygge Ocean Space Center likevel og løyve midlar til prosjektet utover det som ligg inne i RNB 2022. I følge Fiskeriministeren er bakgrunnen for dette at regjeringa har «iverksatt tiltak for å sikre kostnadskontroll» og at «vi kan få til en styring av prosjektet».

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Regjeringa har sidan revidert nasjonalbudsjett vart lagt fram hatt ein ny gjennomgang av Ocean Space Centre-prosjektet, på bakgrunn av auka materialkostnader og usikkerheiter i prosjektet. Regjeringa har vidare vurdert styringssystemet for prosjektet og kostnader ved utsetjing. Den 1. juni mottok Nærings- og fiskeridepartementet ei førebels kutteliste frå Statsbygg, som gjorde greie for moglegheita for å halde prosjektet innanfor vedteken kostnadsramme. Regjeringa valde på bakgrunn av dette å gå vidare med prosjektet. Som eg omtalte i brev til Stortinget 6. juni: Ei førebels kuttliste indikerer store moglegheiter for kutt, men også endringar som tek ned kostnadene utan å redusere funksjonalitet ved senteret. Kuttlista skal kvalitetssikrast før ho sendast til Nærings- og fiskeridepartementet 7. juli.
Regjeringspartia på Stortinget har sagt seg villige til å drøfte naudsynte endringar i løyvingar for 2022 i forhandlinga med Sosialistisk Venstreparti. Regjeringa vil i statsbudsjettet for 2023 komme tilbake til Stortinget med ei nærare vurdering av saka, mellom anna om naudsynte endringar og kostnadsreduksjonar i prosjektet.