Ingrid Fiskaa (SV): Vil Noreg i Tryggingsrådet ta initiativ til at det opprettas ein handlingsplan overfor Israel og Palestina for å stoppe dei grove brota på barnekonvensjonen som FNs kontor for barn og væpna konflikt rapporterer om?
Begrunnelse
I fjor kom FNs kontor for barn og væpna konflikt (CAAC) med ein alarmerande rapport som slo fast at det føregår store brot på folkeretten og barnekonvensjonen i Israel og Palestina. I rapporten dokumenterast drap og lemlesting av barn, trakassering og valdsbruk mot arrestera born og rekruttering av barn som informantar. CAAC slår fast at det i hovudsak er snakk om israelske styrkers overgrep mot palestinske barn.
På bakgrunn av desse dystre funna kom CAAC med ei rekkje råd for å oppretthalde barnerettslege standardar, stoppe alle formar for mishandling av arrestera barn og stoppe forsøk på rekruttering av barn som informantar med meir. Råda er i liten grad fylgt opp. Noreg kan utgjere ein forskjell ved å bruke si rolle i Tryggingsrådet for å få på plass ein handlingsplan.