Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:2937 (2021-2022)

Innlevert: 19.09.2022
Sendt: 20.09.2022
Rette vedkommende: Forsknings- og høyere utdanningsministeren
Besvart: 27.09.2022 av forsknings- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil regjeringa sørge for at prosjektet «Vestlandslegen», eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen og helseforetaka på Vestlandet om ein ny modell for å auke kapasiteten i legeutdanninga og gjere legeutdanninga meir desentralisert, får tilført nødvendige studieplassar på statsbudsjettet for 2023 for å kome i gang?

Begrunnelse

Rekruttering av fleire fastlegar er kritisk viktig for gode helsetenester til folk over heile landet. Berre i Sogn og Fjordane åleine er det i skrivande stund 16 ledige fastlegestillingar: 10 000 av 100 000 innbyggarar har ikkje fastlege. Dette er svært alvorleg, og krev politisk initiativ og handlekraft no – ikkje berre nye utgreiingar.
På Vestlandet har Universitetet i Bergen og dei regionale helseforetaka gått saman om å utvikle ein ny modell for legeutdanning for å avhjelpe situasjonen: Vestlandslegen. Dette er ein desentralisert studiemodell der legestudentane tar dei tre første åra i Bergen som i dag, men forflyttar seg til desentraliserte tilbod i Stavanger (Helse Stavanger), Haugesund (Helse Fonna) og Førde (Helse Førde) dei tre siste åra av utdanninga. På denne måten kan ein auke den samla kapasiteten i utdanninga, samtidig som fleire legestudentar tidleg blir ein del av helsefaglege miljø andre stader på Vestlandet enn i Bergen.
Vestlandslegen-modellen er Vestlandet sitt svar på Grimstadutvalet sin rapport om korleis vi kan auke den samla kapasiteten i legeutdanninga i Noreg. Alt er no klart for å starte opp Vestlandslegen: Rammeplanen er på plass og stillingar er utlyste – alt som manglar er nødvendig grønt lys frå regjeringa om oppretting av nødvendige nye studieplassar i 2023 for at tilbodet kan kome i gang.
Dersom ikkje denne avklaringa kjem i samband med statsbudsjettet for 2023, står heile satsinga i fare. Det vil vere katastrofalt for framtidig rekruttering av legar på Vestlandet. Alle gode krefter må no samarbeide: Vestlandslegen må starte opp i 2023.

Ola Borten Moe (Sp)

Svar

Ola Borten Moe: Spørsmålet er stila til helse- og omsorgsministeren, men svaret kjem frå meg som ansvarleg statsråd på området.
Eg er samd med representanten Bjørlo at «Vestlandslegen» er eit godt eigna svar på ei viktig utfordring på korleis kapasiteten i medisinutdanning kan auke slik at satsinga skapar positive verknader i dei områda vi manglar legar. Samarbeidsprosjektet mellom Universitet i Bergen og Helse Vest er eit godt initiativ som er i tråd med politikken til regjeringa om bruk av desentraliserte studiemodellar. Regjeringa konkluderte i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2022 at Noreg må dimensjonere medisinutdanninga slik at vi best mogleg kan samordne og gjere nytte av knappe fag- og forskingsressursar. Det følgjer av denne konklusjonen at det ikkje vil bli oppretta nye medisinutdanningar i Noreg. Samstundes understreka regjeringa viktigheita av at universiteta med medisinutdanning tek i bruk ein større del av helsetenesta i utdanninga av legar.
Desentraliserte studiemodellar er viktige for å kunne auke praksiskapasiteten utanfor dei store studiebyane, og for rekruttering til arbeid i distrikta etter ferdig utdanning. Desentraliserte studiemodellar bidreg også til at kompetansen i medisinutdanningane kan gagne helsetenestene fleire stadar i landet.
Det er ein del område av landet der det er vanskeleg å rekruttere legar, særleg fastlegar. I statsbudsjettet for 2022 prioriterte denne regjeringa regionen der vi manglar flest legar, ved at det i tilleggsproposisjonen blei tildelt midlar til 15 nye studieplassar i medisin ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet (UiT).
“Vestlandslegen“ kan ikkje berre bli finansiert med friske midlar i statsbudsjettet. Universitetet i Bergen har høve til å omprioritere midlar til strategiske satsingar. Vurderingar om auka studieplassar i medisin blir behandla i dei ordinære budsjettprosessane.