Skriftlig spørsmål fra Mímir Kristjánsson (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:205 (2022-2023)
Innlevert: 23.10.2022
Sendt: 24.10.2022
Besvart: 08.11.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Mímir Kristjánsson (R)

Spørsmål

Mímir Kristjánsson (R): Hvem mener regjeringen var Norges første konge, og i hvilket år ble Norge samlet til ett rike?

Begrunnelse

Fram mot 2030 skal vi markere tusen år siden slaget på Stiklestad, der Olav Haraldsson (den hellige) falt. Slaget har blitt regnet som en milepæl for kristningen av Norge.
2030-jubileet har høy prioritet for regjeringen, som har løftet det fram som øverste punkt under “Kulturarven skal løftast fram” i Hurdalsplattformen. Neste år er det bevilget to millioner kroner over Barne- og familiedepartementets budsjett til jubileet.
Det er naturlig at regjeringen vil markere slaget på Stiklestad. Det er imidlertid grunn til å spørre om innretningen på jubileet. På nettsiden www.norgeitusenaar.no kan vi lese at 2030-jubileet ikke lenger skal være en markering av Olav Haraldsson, slaget på Stiklestad eller kristningen av Norge. I stedet feirer vi i “Nasjonaljubileet 2030 at Norge har bestått som ett rike i 1 000 år”.
Dette innebærer en radikal omskriving av historien. Tradisjonelt har vi regnet slaget ved Hafrsfjord (som oftest datert til 872) som samlingen av Norge. Det har vært Harald Hårfagre, og ikke Olav Haraldsson som blitt regnet som Norges første konge. I 1872 reiste Stortinget Haraldsstøtta i Haugesund for å feire 1 000-årsjubileet for rikssamlingen. I 1972 markerte kong Olav V 1 100-årsjubileet ved å signere bautasteinen på Ytraberget i Sola. Samme kong Olav V avduket også i 1983 monumentet Sverd i fjell ved Møllebukta i Hafrsfjord. Fremdeles kan vi lese på Kongehusets nettsider at Harald Hårfagre regnes som Norges første konge. Mye tyder også på at Olav den hellige mente det samme, hans krav til den tronen kom tross alt av at han var Haralds oldebarn.
Imidlertid kan det virke som om regjeringen er av en annen oppfatning enn Kongehuset. I år, da 1 150-årsjubileet for rikssamlingen ble feiret i Rogaland, deltok ikke en eneste representant for regjeringen. I stedet skal slaget på Stiklestad 2030 bli en markering av at Norge har bestått som ett rike i tusen år, 1058 år etter at vi tradisjonelt har tidfesta samlingen av riket (at hele dagens Norge verken var samlet i 872 eller 1030 er en annen skål).
Hva som er årsaken til at Stiklestad 2030 nå er blitt en feiring av rikssamlingen er uklart. Kanskje skyldes det motvilje mot å gjøre jubileet for “kristent”. Men det er ikke akseptabelt at regjeringen detroniserer Harald Hårfagre som Norges første konge.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Utgangspunktet for regjeringa er at slaget på Stiklestad er eit viktig merkeår – ikkje berre i norsk religionssoge, men òg i vår politiske og breiare kulturelle historie. Både kyrkja (som var både lokal, regional, nasjonal og internasjonal) og kongedømet henta i ei formativ fase kraft og legitimitet frå Olavsarven – noko som igjen hadde stor innverknad på det tidlege norske kongedømmet. 1 000-årsmarkeringa av slaget på Stiklestad er difor ein god moglegheit til å reflektere over og diskutere både samfunnstilhøva slaget fant stad i, og dei verknadene det hadde på sikt for samfunnsorganiseringa, den politiske makta, rettsforholda, kulturen og truslivet. Helgenkulturen rundt Heilag-Olav som i ettertid vaks fram, er eit sentralt fenomen i norsk trusliv og historie i hundreåra etter. Det kan ein sjå i det norske riksvåpenet som vi har hatt sidan 1280-tallet: den norske løva som held martyrøksa til Olav.
Regjeringa ønskjer at 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad skal vere ei nasjonal markering. Eit jubileum er ei stor hending som kan etterlate seg eit stort samfunnsavtrykk. Eit sentralt spørsmål for Stiklestad Nasjonale Kultursenter (SNK) i arbeidet med Nasjonaljubileet 2030 har difor ikkje berre vore «Kvifor dette jubileet?», men òg «Kva slags avtrykk skal jubileet setje i samfunnet?». SNK har i fleire år arbeidd fram mot 1 000-årsmarkeringa og er navet i jubileet. Eg meiner dei har laga ei god plattform for jubileumsmarkeringa for slaget på Stiklestad. Kristendommen har ein svært sentral plass i jubileumsarbeidet, men eg er også einig i plattformas vektlegging av å bidra til ei samtale om kva Noreg har vore, kva Noreg er og kva Noreg skal og bør vere. I ei tid med polarisering og uro, trengs det nettopp samtalar om korleis vi skapar eit fellesskap som både toler og verdset ulikheit, kva for eit verdigrunnlag vi skal byggja på, kva vi tar med oss frå fortida og kva vi gjev frå oss, ja korleis formar vi eit samfunn i spenninga mellom tradisjon og fornying?
Så til spørsmålet om kven regjeringa meiner var Noregs fyrste konge, og i kva for eit år Noreg vart samla til eitt rike?
Eg kan forsikre representanten Kristjánsson om at regjeringa sjølvsagt ikkje utfordrar historikarane når det gjeld kven som var Norges fyrste konge eller når det skjedde. På nettsida Kongehuset.no står det at Harald Hårfagre er rekna som Noregs fyrste konge. Eg gjekk òg til nettsida norgeshistorie.no, som er utvikla ved Universitetet i Oslo, for å lese kva historikarane meiner. Der sto det under overskrifta «Samlingen av «Norge»: «Ifølge myten samlet Harald Hårfagre landet. I virkeligheten var han i første rekke en vestlandskonge. Mange kjempet om makten i det som skulle bli Norge.» Historia er visst ikkje så rett fram som ein skulle tru. Men det er jo òg det som gjer ho så spennande. Ingenting er betre enn om diskusjonane om kven Harald Hårfagre var, kva kongemakta innebar og kva for eit område han rådde over, får halde fram, gjerne fram til 2030.
Eg viser også til spørsmålet om kva år Noreg blei samla til eitt rike. Slik eg har forstått historia, så talar mange ikkje om eit eksakt årstall eller hending for dette, men at dette var ein prosess med fleire viktige hendingar, deriblant slaga ved Hafrsfjord og Stiklestad; ein prosess som sidan førte til samlinga av Noreg. Men at det etter 1030 ikkje lenger var ein diskusjon om Noreg var samla til eitt rike.
Difor voner eg at representanten Kristjánsson held fram med å engasjere seg i diskusjonane om norsk historie og korleis vi forvaltar denne. Det er bra at folkevalde òg gjev bidrag til perspektiv i slike debatter. Og eg meiner personleg at «Stiklestad 1030 i eit rikssamlingsperspektiv» kunne vore eit utmerka arrangement i samband med 2030-markeringa og vonar Kristjánsson stiller seg positiv til å gje bidrag til dette, om dei som arbeider med det konkrete programmet kjem med ein førespurnad.