Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:399 (2022-2023)
Innlevert: 14.11.2022
Sendt: 15.11.2022
Besvart: 22.11.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): Vil statsråden revurdere adgangen strømsalgselskaper har til å tilby variable strømavtaler på forbrukermarkedet?

Begrunnelse

Det har vært gjentatte saker med useriøse strømavtaler på forbrukermarkedet. Kombinert med aggressiv markedsføring har dette skapt et svært uoversiktlig marked for den enkelte forbruker. Særlig har de variable avtalene vist seg å være krevende for den enkelte å forstå rekkevidden og konsekvensene av. Denne representanten mener derfor det er på høy tid at forbrukerministeren varsler at hun vil se på regelverket på nytt med formål om å begrense adgangen til å tilby variable avtaler.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som forbrukarminister arbeider eg for å sikre ein ryddig straummarknad med effektiv priskonkurranse som kjem forbrukarane til gode. Eg er einig med representanten i at variable straumavtalar kan vere krevjande for forbrukarane å forstå rekkevidda og konsekvensane av
Olje- og energiministeren og eg har fastsett naudsynte endringar i prisopplysingsforskrifta og forskrift om kraftomsetjing og nettenester for å sikre ein meir velfungerande sluttbrukarmarknad for straum. Regjeringa har med dette stramma til krav knytt til kva opplysingar om pris, varigheit og avtaletype som straumselskapa skal gi ved marknadsføring. I tillegg har vi dobla varslingsfrista som bransjen må halde før dei endrar pris eller andre avtalevilkår. Dette skal gi forbrukarane betre tid til å områ seg når straumselskapa endrar avtalen. Det er no også plikt til å vise til straumprisportalen til Forbrukarrådet, www.strømpris.no. Samstundes har Olje- og energiministeren fastsett nye krav til opplysingar som forbrukarane skal få på fakturaen. Fakturaen skal vere oversiktleg og enkel for forbrukaren å forstå. Regelverksendringane vart sett i verk 1. november.
Dei nye reglane vi har fastsett gjeld for alle avtaletypar, også såkalla standard variabel-avtalene som representanten nemner. Reglane sikrar større gjennomsiktigheit slik at forbrukaren får betre informasjon om avtaletype og pris. Dei skal òg sørgje for at forbrukaren får betre høve til å avgjere om ein slik avtale er den som passar han eller ho best. Varslingsfrista før endringar i pris og avtale kan gjerast blir dobla, frå 14 til 30 dagar. Dette vil bidra til at avtalene blir meir føreseielege. Varslingane skal òg bli meir synlege ved at forbrukarane skal bli varsla på SMS og at varslinga ikkje skal blandast saman med annan informasjon.
Reguleringsmyndigheten for energi (RME) vil handheve reglane om straumfakturaen medan Forbrukartilsynet fører tilsyn med reglane etter marknadsføringslova og prisopplysingsforskrifta. Desse har stor merksemd på marknaden og følgjer nøye med på korleis straumselskapa følgjer opp regelendringane. For å få til ein velfungerande og effektiv straummarknad er det difor viktig at Forbrukartilsynet og RME held fram med eit godt samarbeid om tilsyn med marknaden slik at selskapa følgjer reglane.
Det er berre om lag tre veker sidan dei nye regelendringane vart sett i verk. Eg meiner at vi først må sjå korleis dei nye reglane verkar før vi tar ytterlegare grep. Tidlegare faglege utgreiingar har ikkje tilrådd eit forbod mot einskilde avtaletypar. Å forby variable straumavtaler er eit inngrep i marknaden som kan bli aktuelt, men det må eventuelt utgreiast først.
Eg er oppteken av at forbrukarane skal ha best mogleg oversikt over pris og vilkår i si eiga avtale, slik at dei kan samanlikna med dei andre avtalane som straumselskapa tilbyr og finne den beste. I statsbudsjettet for 2023 har regjeringa sett av to mill. kroner for å styrkje arbeidet med den offentlege straumprisportalen, strømpris.no, som Forbrukarrådet forvaltar på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet. Tenesta gir oversikt over alle avtalane i marknaden, og gir forbrukarane høve til å finne den beste straumavtalen. Forbrukarrådet har også nytta portalen til å finne ulike utfordringar med straummarknaden og ein del straumavtalar.
Straumbransjen har ein jobb å gjere med å sørgje for at dei har forbrukarane sin tillit ved å lage forbrukarvenlege avtaler. Eg forventar at bransjen opptrer ryddig og etterretteleg i møte med forbrukarane, særleg i ei tid der mange er uroa for aukande prisar.