Grete Wold (SV): Kva gjer regjeringa for å forhindre at menneskeliv går tapt i ei tid då talet båtflyktningar aukar og vintervêret slår inn over Middelhavet?
Begrunnelse
NRK radio rapporterte den 15. november at meir enn 88 000 menneske har forsøkt å flykte til Europa over Middelhavet i 2022. Ferda over havet er livsfarleg og så langt i år har 1287 båtflyktningar mist livet. Årsakene til risikoen er samansett. Gummibåtane er overlasta og den libyske kystvakta tvingar båtane tilbake til dei hamnene dei har flykta frå. Men noko av ansvaret ligg også på europeisk side. Dei siste tre åra har 38.000 menneske blitt utsett for ulovlege “pushbacks” altså flytta over i livflåter og etterlatne ute på havet utan motor. Redningsskip, som norske Geo Barents som driftast av Leger utan grenser, blir ofte nekta tilgang til trygge hamner. Hellas, Italia og andre land langs Middelhavet må haldast ansvarleg, men urovekkande nok slo ein granskingsrapport frå OLAF fast at det europeiske grensesamarbeidet Frontex snarare har dekka over ulovlege pushbacks.
No er vinterstormane rundt hjørnet og dødstalet kjem til å stige om det ikkje fattast tiltak. Norske NGOar har livreddande skip i Middelhavet. Tyskland og Frankrike lovar italienske styresmakter å ta imot nokon av dei mange flyktningane dersom båtane får legge til hamn i Italia. FNs høgkommisær for flyktningar påpeikar at europeiske land må auke innsatsen. For å bedre situasjonen for mennesker på flukt så er det viktig at land som Norge bidrar.