Sofie Marhaug (R): 8. februar i år kom NVE med si tilråding om å seie ja til Statnett sin omstridte søknad om å byggje 420 kV-linje i luftspenn frå Blåfalli i Kvinnherad til Gismarvik i Tysvær.
Vil statsråden på vegne av regjeringa leggje denne omstridte saka fram til politisk slutthandsaming i Stortinget i staden for at olje- og energidepartementet slutthandsamar saka?
Begrunnelse
Ei rekkje instansar har i høyringsrunden tatt til orde for ei alternativ løysing i form av jord- og sjøkabel for å skåne naturen, miljøet og viktige friluftsinteresser. Dette alternativet er i liten grad vurdert av NVE. I tillegg har Naturavtalen frå FN-konferansen i Montreal lagt strengare føringar for vern av urørt natur, også i Norge. Denne avtalen er heller ikkje grundig vurdert av søkjar og NVE. Både Etne kommunestyre og Vestland fylkesting har tidlegare uttalt seg til fordel for alternative og meir miljøvenlege løysingar for denne linja. Liknande problemstillingar seglar no opp i andre delar av landet i samband med forsterkning av straumnettet. Denne saka har fleire prinsipielle sider, og fortener difor ein open og demokratisk prosess i energi- og miljøkomiteen og Stortinget.