Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2177 (2022-2023)
Innlevert: 09.05.2023
Sendt: 10.05.2023
Besvart: 16.05.2023 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Dei formelle avtalane mellom norsk og amerikansk etterretning, kalt NORUSA-avtalane, er hemmelege. Den første vart inngått alt i 1952. Avtalen var hemmeleg då, og er framleis hemmeleg meir enn 70 år seinare.
Vil regjeringa bidra til offentlegheit om etterretningsavtalane mellom Noreg og USA?

Begrunnelse

Kunnskap er viktig for gode demokratiske prosessar og ein offentleg debatt. Dette gjeld sjølvsagt også i sikkerheitspolitikken. Noreg er ei etterretningsstormakt, men kunnskapen om avtalane som legg sterke føringar på feltet, er liten.
I boka «Spionkrigen. Det hemmelige spionsamarbeidet mellom Norge og USA» understrekar forfattaren:

«Vi må skjønne og ta stiling til hvordan vi med norsk etterretning - som en betydelig aktør – manøvrerer i et farlig spill mellom de to maktene. Jeg vil hevde at uten kunnskap om den «varige gullstandarden» i forholdet mellom USA og Norge, lider norsk sikkerhetsdebatt av en svakhet, uansett om man måtte mene at Norge militært er tvingende avhengig av USA i eventuelt russisk angrep, eller ikke. I ei tid med fare for at krigshandlinger i Ukraina skal spre seg, er det ekstra viktig med en opplyst offentlig debatt. Nettopp nå vil det bidra til gode demokratiske prosesser og vedtak som sikrer et felles ønske om å unngå krig i Norge.»

Professor Rolf Tamnes, forfattaren av «Norsk utenrikspolitisk historie,» seier at rundt halvparten av dei tilsette i norsk e-teneste så seint som i 1992 arbeidde med amerikanskfinansierte prosjekt, altså prosjekt som USA truleg prioriterte ut frå eigen utanriks- og sikkerheitspolitikk – ikkje ut frå norske behov. Eller som Bård Wormdal skriv i «Spionkrigen»:

«Etterretningstjenesten produserer beslutningsgrunnlag for norske politikere. Er store deler av etterretningsinformasjonen finansiert av andre land, kan det være en fare for at norske politikere ikke har et beslutningsgrunnlag som utelukkende er basert på nasjonale hensyn. Spørsmålet man kan stille er: Hva har det å si for norsk selvstendighet?»

Opp gjennom åra er det praktisert større openheit om avtalar med USA på det forsvarspolitiske området, som NALMEB-avtalen, COB-avtalen og Invictus-avtalen. Nå sist også med avtalen om amerikanske basar i Noreg. Det er naturleg å praktisera større openheit også om dei formelle avtalane om etterretningssamarbeid. Til dømes har Storbritannia offentleggjort dei første avtalane sine med USA om det same.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Noreg er avhengig av internasjonalt samarbeid på etterretningsområdet. Offentlegheit kring eit konkret samarbeid kan skade tillitsforholdet ovanfor den gjeldande samarbeidspart. Det kan også medføre skade på meir generelt grunnlag hos andre partnarar dersom det fører til tvil om Noregs evne til å skjerme sensitive forhold. Dette vil igjen kunne medføre at norske styresmakter får mindre informasjon om forhold som er av betydning for nasjonale tryggleiksinteresser. Kva for nokre internasjonale partnerar Noreg har på etterretningsområdet og innafor kva områdar samarbeida skjer, er derfor høgt gradert informasjon etter reglane i tryggingslova om skjerming av informasjon. Det gjeld også dei avtalar som regulerer samarbeidet, uavhengig av når samarbeidet blei inngått. EOS-utvalet, som kontrollerer Etterretningstenesta, har full tilgang til dei aktuelle avtalane.