Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei totaloversikt over forbrukte midlar til prosjektet Møreasken sidan 2010 og fram til no, gjeldande alt av planarbeide, prosjektering, grunnboring, vindmåling, seismikk, geologiske undersøkingar, grunnkjøp, konseptvalsutgreiing, Ks1, Ks2, kommuneplanar, reguleringsplanar osv.?
Begrunnelse
Det har den siste tida blitt ein diskusjon ikring kva dei reelle tala er for forbrukte planleggingsmidlar til prosjektet Møreaksen sidane 2010 og fram til i dag.
Det er fleire spørsmål og svar tidligare på dette, men har blitt tolka litt ulikt. Spesielt svaret på spørsmål nr 15:2893 (2020-2021) der det har blitt oppfatta to ulike summar på to ulike planprosessar. Seinare har dagens samferdselsminister svara ulikt på dette.
Det er behov for å klargjere totale kostnadar for Møreaksen sidan før konseptvalsutgreiinga vart ferdig i 2011 og til i dag, der alle kostnadar slik som planlegging, prosjektering, grunnborring, geologiske undersøkingar, vindmåling, seismikk, og grunnkjøp er med. også kostnadane med utarbeidelser av konseptvalgsutgreiing, Ks1, Ks2 osv., samt kommunedelplanar og reguleringsplanar.