Skriftlig spørsmål fra Mari Holm Lønseth (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2329 (2022-2023)
Innlevert: 24.05.2023
Sendt: 25.05.2023
Besvart: 01.06.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Mari Holm Lønseth (H)

Spørsmål

Mari Holm Lønseth (H): Regjeringen har i revidert nasjonalbudsjett foreslått å avsette 10 millioner kroner til prosjekt med såkalte nærtjenestesenter. Solberg-regjeringen startet en pilot – Statens hus – som skulle bidra til å bygge opp sterke fagmiljø og samle statlige etater.
Hva er den forskjellen mellom disse pilotprosjektene?

Begrunnelse

Spørsmål på bakgrunn av regjeringens forslag til revidert nasjonalbudsjett.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Statens hus og pilot med nærtenestesentre har ulike formål, sjølv om begge tek utgangspunkt i statlege etatar.
Målet med nærtenestesentre er å betre tilgangen på statlege publikumstenester. Etter fleire strukturendringar i staten har mange innbyggarar fått lengre reiseveg til statlege kontor for å få fysisk tilgang til tenester. Samstundes er mange statlege tenester digitaliserte, men nytta av digitale tenester er avhengig av at innbyggarane har nok digital kompetanse. Det veit vi at ikkje alle har. Mange veit ikkje kva statleg etat dei skal logge seg inn på, eller har ikkje god nok tilgang på førsteline juridisk rådgjeving. Nokre statlege tenester er ikkje digitaliserte, og publikum må reise til tenestestaden. Det gjeld særleg tenester som krev ID-kontroll, til dømes pass og arbeidsløyve til utanlandske arbeidarar.
Mange kommunar har lokale servicetorg der innbyggarane kan møte opp fysisk i samband med kommunale tenester, ofte kombinert med til dømes bibliotek og frivillige servicetilbod og opplæring i grunnleggande digital kunnskap. Gjennom Digihjelpen gir staten i dag støtte til kommunale hjelpetilbod som skal betre den grunnleggande digitale kompetansen til innbyggarane. Regjeringa vil ta utgangspunkt i kommunar som har servicetorg eller liknande, og invitere desse til eit pilotsamarbeid om utvikling av ein nærtenestesentermodell med samlokalisering av statlege og kommunale publikumstenester, t.d. ved at ein representant for ein statleg etat er til stades på bestemte tider. Kommunane vert og inviterte til å kunne informere folk om kva statleg etat som kan hjelpe med ei teneste. Piloten skal og kunne bidra til å styrke innbyggjarane sin digitale kompetanse, til dømes gjennom Digihjelpen. Piloten føreset ikkje flytting av statleg tilsette. Det er det publikumsretta tenestetilbodet som er sentralt i samband med nærtenestesenter. Utlokalisering av statleg tilsette, eller styrking av fagmiljø, er ikkje ein del av målet med piloten.
Målet med pilot Statens hus er å bidra til å styrke samarbeidet i kompetanseklynger og eventuelt samlokalisere mindre delar av statlege etatar i same bu- og arbeidsmarknadsregion. Siktemålet er å styrke det samla faglege, offentlege kompetansemiljøet i regionen, og gjere det lettare å behalde og rekruttere kompetanse i dei statlege etatane som finns på pilotstadane. Pilotane har konkretisert eigne delmål lokalt. Nokre av desse omfattar statlege publikumsretta tenester, men ikkje alle.