Alfred Jens Bjørlo (V): Statkraft-sjefen seier i E24.no 26/5: «Hvis vi velger et design i Nordsjøen med store utbygginger, 3.000 megawatt per prosjekt, og at de henger sammen med både Norge og andre land og designet slik at det går netto kraft til Norge, så vil vi få noe som er både lønnsomt og gir store mengder kraft til Norge».
Er statsråden enig i dette, kvifor følgjer ikkje regjeringa desse prinsippa i utlysinga av Sørlege Nordsjø 2, og kan statsråden stadfeste at desse prinsippa blir følgde i komande utlysingar av offshore vindkraftprosjekt?
Begrunnelse
Måten Ap/Sp-regjeringa har lagt opp utlysinga av Sørlege Nordsjø 2 Fase 1 på, ser ut til å føre til enormt store, heilt unødvendige utgifter for staten og norske skattebetalarar. Det skuldast både at omfanget av utlysinga er for lite (1500 MW), og at utbygginga ikkje blir kabla til andre land som ville ha gitt langt høgare inntekter inn i prosjektet.
Som Europas største produsent av fornybar energi, herunder betydeleg produksjon av offshore vind, kan det vere grunn til å tru at Statkraft veit kva dei snakkar om. Det er difor interessant å vite om Olje- og energiministeren har innsikt og kunnskap som strir mot det sjefen i statleg eigde Statkraft her seier, eller om det er andre grunnar til at regjeringa vel å gjennomføre utbygginga av offshore vind etter ein heilt annan strategi enn det Statkraft påpeikar vil spare skattebetalarane for fleire titals milliardar kroner i utgifter.