Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:2511 (2022-2023)
Innlevert: 12.06.2023
Sendt: 12.06.2023
Besvart: 21.06.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Korleis har Helse- og omsorgsdepartementet involvert relevante fagmiljø i prosessen og kva konsekvensutgreiingar ligg til grunn for forslaget i Revidert Nasjonalbudsjett om å flytte Kreftregisteret frå dei regionale helseforetaka over til Folkehelseinstituttet?

Begrunnelse

Forslaget i RNB om å flytte Kreftregisteret har skapt opprør i medisinske fagmiljø generelt og miljø som arbeider med kreftforskning spesielt. Leiinga i Kreftregisteret har varsla om mulige konsekvensar, og fråvere av involvering. Tillitsvalde frå Legeforeningen, Sykepleierforbundet, Tekna, Forskerforbundet og NITO advarer på det sterkaste mot flyttinga. Det samme gjer kreftlegane i Norsk Onkologisk forening og Kreftforeningen.
Det danske Kreftregisteret har sendt brev til HOD der dei advarar sterkt etter eigne erfaringar med ei liknande flytting. IARC (International Agency for Research on Cancer) har også sendt brev til HOD og advart mot forslaget.
Det er umulig ut frå den knappe omtalen i RNB å få oversikt over prosessen og faktagrunnlaget som ligg bak flyttinga, og eg ber difor Helse- og omsorgsministeren gjere nærare greie for dette.

Ingvild Kjerkol (A)

Svar

Ingvild Kjerkol: Det er behov for å forbetre og effektivisere forvalting og utvikling av helseregistera og å leggje til rette for enklare datafangst og auka bruk av datamaterialet. Ei samling av helseregister i ein etat skal bidra til å nå desse måla, bl.a. gjennom å fremme utvikling og harmonisering av innhaldet i registera. Fordelen med å samle registera i ein kunnskapsetat som Folkehelseinstituttet, er at forvalting av innhaldet i registera blir knytt tettare opp mot miljøa i helseforvaltinga som skal nytte registera. Dermed legg vi til rette for at registera treffer samfunnet sin samla behov for å få tilgang til kunnskap og for å utnytte registerdata betre i forsking, innovasjon og utvikling av tiltak knytte til folkehelsa og helse- og omsorgstenestene. Som ein del av helseforvaltinga vil Kreftregisteret i større grad kunne vere eit samla miljø for heile helsetenesta i Noreg, i staden for å vere tilknytt eitt sjukehus.
Det er ingen tvil om at Kreftregisteret har ein solid posisjon, stor tillit hos befolkninga og er ein internasjonalt omtykt merkevare. Det skal vi ta vare på. Vi har vurdert konsekvensar av tiltaket og meiner det er avgjerande at fagmiljøet i Kreftregisteret blir halde samla. Kreftregisteret vil fortsetje å vere i dei same lokala med umiddelbar nærleik til Oslo universitetssjukehus HF og forsking og klinikk skal framleis jobbe tett saman. Det blir lagt til grunn at oppgåvene og funksjonane til Kreftregisteret skal vidareførast og vidareutviklast også ved endra organisatorisk forankring. Samlinga av helseregistera betyr ei prioritering og eit lyft av helsedatafeltet i stort. Det er naturleg at eit omtykt og nasjonalt miljø som Kreftregisteret inngår i ei slik samling.
Involvering og medverknad av dei rørte er avgjerande for at endringa skal bli vellukka. Eg er oppteken av god dialog og vil sørgje for at Kreftregisteret blir teken med i gjennomføringa av endringane i den sentrale helseforvaltinga. Dette arbeidet er godt i gong.
Eg vil påpeke at samanlikninga med Danmark ikkje er treffande fordi den endringa som er foreslått i Noreg ikkje er tilsvarande. Til forskjell frå Danmark har vi valgt ei løysing som nettopp held Kreftregisteret samla, og dermed skal vi ikkje oppleve dei erfaringane som danske fagmiljø har skildra. I Danmark blei det registerfaglege skiltet frå det medisinsk faglege. Dette er ikkje løysinga for Noreg, vi vil halde aktiviteten i Kreftregisteret samla.