Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2518 (2022-2023)
Innlevert: 12.06.2023
Sendt: 13.06.2023
Besvart: 23.06.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Har regjeringen, i forbindelse med arbeidet med ny strategi for eID i offentlig sektor, vurdert hvor mye det vil koste norske skattebetalere å utvikle offentlige eID-løsninger, fremfor å videreutvikle allerede eksisterende markedsbaserte løsninger?

Begrunnelse

Kommunal- og distriktsdepartementet offentliggjorde 24. april en ny strategi for eID i offentlig sektor. Et sentralt mål i strategien er at alle som har behov skal få tilgang til en sikker og brukervennlig digital identitet. I en pressemelding understreker statsråden at han ønsker å ivareta det gode samarbeidet mellom offentlig og privat sektor, der markedsaktørene har bidratt til at Norge er et av de mest digitaliserte landene i verden.
Noe overraskende inneholder strategien likevel en ambisjon om å utvikle en helt ny offentlig eID på sikkerhetsnivå høyt, i tillegg til å videreutvikle den offentlige eID-løsningen MinID. Det kommer ikke frem hvor mye dette skal koste norske skattebetalere, men offentlige IT-prosjekter har en tendens til å bli både kostbare, risikofylte og tidkrevende. Undertegnede støtter målsetningen om å redusere digitalt utenforskap, men mener en mer fornuftig tilnærming kan være å bygge videre på jobben markedsaktørene har gjort. Det kan være hensiktsmessig og billigere å videreutvikle allerede eksisterende løsninger, fremfor å utvikle noe nytt i offentlig regi.
Det kan virke som om regjeringen ikke har tillit til at andre enn staten selv klarer å inkludere grupper som i dag står utenfor det digitale samfunnet. Det er lite samfunnsøkonomisk gunstig å utvikle kostbare offentlige løsninger når utfordringene med digitalt utenforskap potensielt kan løses gjennom samarbeid med etablerte og velfungerende markedsløsninger.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Kort sagt er svaret på spørsmålet frå representanten at denne vurderinga er ein del av utgreiingsarbeidet som skal gjerast framover i arbeidet med å følgje opp strategien. Det er ikkje førehandskonkludert i strategien at svaret på utfordringa i det digitale Noreg er ein offentleg utskriven eID – dette må sjølvsagt greiast ut først.
Den nyleg lanserte eID-strategien har mellom anna ein ambisjon om å sikre at alle brukarar som har behov for det, kan få og bruke ein eID på det tryggingsnivået dei har behov for. I denne samanhengen skal det greiast ut korleis ein eID på høgt tryggingsnivå kan tilgjengeleggjerast for fleire.
Eg er samd med representanten i at det marknadsbaserte samarbeidet har ført til god utbreiing av eID i befolkninga, og at dei aller fleste har tilgang til, og kan bruke ein eID på høgt tryggingsnivå. Som representanten er kjend med, er det likevel ein del brukargrupper som av ulike grunnar fell utanfor i dag, og anten ikkje får utskrive eller ikkje sjølv kan bruke ein eID på høgt tryggingsnivå. Dette kan til dømes vere eldre, utlendingar eller personar med verje. Utfordringane er varierte og dette medfører at løysinga for desse gruppene heller ikkje nødvendigvis er like.
Ein av ambisjonane som er omtalte i strategien er å vurdere å etablere ein eID på høgt tryggingsnivå i offentleg regi. Dette inneber ikkje nødvendigvis at det er staten som skal utvikle og utskrive ein slik eID, men at det bør kunne leggjast nokre føringar for inkludering av grupper som i dag fell utanfor. Eit samarbeid med marknadsaktørane i ulik grad er derfor framleis ein aktuell måte å sørgje for at alle norske borgarar får sikre og tilgjengelege eID-løysingar.
Vi må også vareta dei føringane som kjem med nytt eIDAS-regelverk (eIDAS 2.0) som er under forhandlingar i EU. Slik det ser ut no, vil medlemsstatane bli pliktige til å sørgje for at alle innbyggjarar kan få utskrive ei digital lommebok med ein eID på tryggingsnivå høgt. For å sikre dette, vil det offentlege i ei viss grad måtte ta regi på korleis eID-løysinga skal formast ut, og anten utvikle sjølv eller skaffe frå marknaden.