Ingrid Fiskaa (SV): USA prøver no ut ei ordning der amerikanske palestinarar kan få reisa visumfritt og enkelt til Palestina.
Vil regjeringa gjera det same for norske palestinarar?
Begrunnelse
Frå fredag 21. juli kan amerikanske palestinarar reisa visumfritt og utan søknad til Israel. Bakgrunnen er at israelarar ønskjer å reisa til USA utan å måtta be om visum, og som motkrav vil USA at amerikanske palestinarar skal få reisa saumlaust til Palestina. Dette vert no prøvd ut, og dersom det fungerer bra for amerikanske palestinarar, vil USA vurdera om Israel kan reisa til USA utan visum. Føresetnaden er også at palestinarane beheld dei palestinske id-korta og dei palestinske personnumra sine.
Israelarar reiser allereie visumfritt til Noreg, men norske palestinarar må bruka minst fire dagar (av for eksempel feriedagar) på å koma seg til og frå Palestina for å besøka familien. Forklaringa på det er at veldig mange må reisa via Amman, noko som i tillegg er eit dyrare alternativ. For nokre familiar gjeld det at delar av familien kan reisa via den israelske flyplassen Ben Gurion, medan andre må reisa via Amman.
Israelske styresmakter diskriminerer i dag norske palestinarar ved innreise til Israel og Palestina. Dei som har norsk pass, men palestinsk id, kan aldri reisa til Palestina via Ben Gurion, slik nordmenn utan palestinsk nasjonalitet kan og som regel gjer. Dei som har norsk pass, men ikkje palestinsk id, kan reisa via Ben Gurion, men opplever då forhøyr på Ben Gurion, samtidig som det nokon gonger resulterer i at dei ikkje får dra inn til Palestina.
Israelarar kan altså reisa utan visum til Noreg, men Israel legg hindringar i vegen for at nordmenn med palestinsk bakgrunn kan reisa til heimlandet sitt. Når USA no ønskjer å gjera reisa enklare for amerikanske palestinarar, er det på tide at også Noreg gjer det same.