Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:3177 (2022-2023)
Innlevert: 18.09.2023
Sendt: 19.09.2023
Rette vedkommende: Kultur- og likestillingsministeren
Besvart: 26.09.2023 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kva vil statsråden gjere for å sikre at norsk bankar ikkje hindrar overføring av lovlege inntekter frå pengespel i utlandet?

Begrunnelse

I ein artikkel fra Finansavisen 25. juli 2023 kan ein lese om ein nordmann som ikkje fekk overført til sin norske bankkonto den pengepremien han vann i ei fysisk pokerturnering på Malta. Årsaka til at DNB ikkje ville overføre pengepremien var at banken meinte det ville vere i strid med det norske betalingsformidlingsforbodet.
Selskapet som pengane i saka kjem frå, kasinoet på Malta, opptrer ikkje ulovleg etter den norske pengespellova. Kasinoet er lokalisert på Malta og rettar seg ikkje mot den norske marknaden.
I ein artikkel om same sak i Dagbladet/Børsen 28. juli 2023, seier ein seniorrådgjevar i Lotteritilsynet at:

"Norske regler gjelder ikke på Malta, så en norsk person skal i utgangspunktet kunne reise til utlandet og spille poker og få utbetalt gevinsten sin."

Likevel nektar DNB å gjennomføre overføringa av pengane frå Malta til den norske spelaren sin bankkonto, og seier det er på grunn av betalingsformidlingsforbodet.
I eit svar til stortingsrepresentant Hjemdal 9. august 2023, skriv kultur- og likestillingsministeren at

"[o]ppsummert er det altså ikke i strid med pengespillovens betalingsformidlingsforbud å formidle betaling til og fra pengespill i utlandet ved fysisk tilstedeværende spill."

Videre legg kulturministeren til grunn at

"[d]et er imidlertid opp til bankene selv hvorvidt de ønsker å implementere en løsning for å slippe gjennom slike transaksjoner."

Seinare, i to svar til stortingsrepresentant Hjemdal 28. august og 7. september 2023, stadfestar kultur- og likestillingsministeren at betalingsformidlingforbodet rettar seg mot norske bankar og finansistitusjonar, og ikkje deira kundar. Det blir understreka at bankane kan hindre gjennomføringa av transaksjonar og legge restriksjonar for eit kundeforhold som del av arbeidet med å overhalde betalingsformidlingsforbodet. I det ligg ein føresetnad om at den aktuelle transaksjonen vil vere ulovleg for banken å gjennomføre, fordi banken vil opptre i strid med betalingsformidlingsforbodet dersom transaksjonen blir gjennomført.
Det er likevel ikkje tilfellet for vedkomande som vann pengepremien i den fysiske pokerturneringa på Malta. Då blir spørsmålet om regjeringa meiner det er greit at norske bankar hindrar fullt ut lovlege pengeoverføringar som ingen reglar står i vegen for å gjennomføre.

Lubna Boby Jaffery (A)

Svar

Lubna Boby Jaffery: Gjeldande regelverk i Norge om betalingsformidlingsforbodet for pengespel som ikkje har løyve i Norge, skal ikkje vere til hinder for at personar i Norge skal kunne reise fysisk til utlandet og spele på lovlege pengespel der.
Representanten viser til eit svar frå meg på tidlegare spørsmål om same konkrete sak og tema, og seier at det i svaret «ligg ein føresetnad om at den aktuelle transaksjonen vil vere ulovleg for banken å gjennomføre, fordi banken vil opptre i strid med betalingsformidlingsforbodet dersom transaksjonen blir gjennomført. Det er likevel ikkje tilfellet for vedkomande som vann pengepremien i den fysiske pokerturneringa på Malta.»
Eg kan ikkje svare for kva vurderingar banken til vedkommande har gjort i den konkrete saka som representanten viser til. Eg viser til det eg har svart på spørsmål nr. 2759 frå representant Silje Hjemdal om same sak og tema, at «Da må kunden dokumentere at pengene er vunnet fysisk, før banken kan vurdere saken for å sikre at den ikke formidler en betalingstransaksjon i strid med bestemmelsen. Hvilken dokumentasjon som er tilstrekkelig for å sikre at en transaksjon lovlig kan formidles, er opp til banken å vurdere, i lys av bl.a. kundeavtalen og hvitvaskingsreglene.»
I tillegg er det slik at dersom spelarar i Norge meiner at dei har lovlege inntekter frå pengespel i utlandet, for eksempel pengespel ved poker på fysiske kasino, men at den norske banken ikkje gjennomfører utbetaling av ein eventuell gevinst, så kan spelaren kontakte banken for å spørje om grunngjeving og så eventuelt dokumentere for banken at midla er lovleg gevinst. Dersom banken likevel ikkje gjennomfører utbetalinga, det kan vere på bakgrunn av kundeforholdet elles, eller etter regler i finanslovgjevinga om kvitvasking eller anna, så kan kunden klage banken inn for Finansklagenemnda Bank. Dersom spelaren ikkje er einig i vurderinga til klagenemnda, så kan spelaren også gå til sak for norske domstolar.
Ein del av det å prøve å sikre at norske bankar og finansieringsføretak følger regelverket om betalingsformidlingsforbodet, er at Regjeringa i «Handlingsplan mot spilleproblemer 2022-2025» har eit konkret tiltak om informasjon til bankar og finansieringsføretak:

«Tiltak 2.5.d:
Styrke informasjonsarbeid og samarbeid rettet mot finansinstitusjoner.
Informasjonsarbeid og samarbeid rettet mot finansinstitusjoner skal styrkes. Dersom pengeoverføringene til ulovlige spillselskaper stoppes, vil mange færre få pengespillproblemer. Informasjonsarbeid knyttet til blant annet utarbeidelse av brosjyrer og dialogen rettet mot finansinstitusjoner skal dermed styrkes for å øke kunnskapen om betalingsformidlingsforbudet for penger til og fra utenlandske spillselskaper. Bankansatte med kundekontakt skal også få mer informasjon om spilleproblemer, slik at bankkunder som mister kontrollen kan bli stoppet så tidlig som mulig, og før de økonomiske og personlige konsekvensene blir uopprettelige for den enkelte og familien.»

Tiltaket er oppfølging av eit liknande tiltak i førre handlingsplan, og er eit konkret tiltak myndigheitene gjer for å prøve å sikre god informasjon til bankar og andre finansieringsføretak i Norge om regelverket, spesielt i arbeidet med å hindre ulovleg pengespel og for at færre skal få speleproblem og alvorlege konsekvensar av pengespelproblem. Men informasjonsarbeidet er også for at bankar og finansieringsføretak skal ha eins forståing av regelverket, og vere innforstått med at ein ikkje reknar fysisk pengespel som norske personar gjer i utlandet til å falle inn under betalingsformidlingsforbodet i pengespelregelverket.